Dei blåblå permitteringsreglane – eit angrep på retten til fast jobb

27. February 2015

 Innstramminga i permitteringsreglane dei blåblå innførde i 2013 betyr fleire oppseiingar, fleire midlertidige, og enda færre fast tilsette. Dei nye permitteringsreglane er eit angrep på det trygge arbeidslivet. Eit angrep vi ikkje kan akseptere, og vil kjempa imot!

Tysdag denne veka vart det kjent at Aibel i Haugesund har fått ein stor kontrakt på utbygginga av Johan Sverdrup-feltet. Kontrakten gjeld bygging av dekket til boreplattforma og har ein verdi på 8 milliardar kroner.

Det er svært gledelig at oppdraget gjekk til norsk leverandørindustri, det skal vi jubla for! Men andre stader rår frustrasjon og usikkerhet. Frykta for nedbemanning og permitteringar. Får arbeidsplassen min den kontrakten eller ikkje? Har eg ein jobb om sju månadar?

Derfor er permitteringsreglar så viktig

I konkurranseprega næringar, der ting går opp og ned i takt med børsprisar, verdsmarknadar, valutakursar og mange andre forhold som ligg utanfor vår horisont, er permitteringsreglar svært viktige. For å seie det enkelt, handlar det om moglegheita til å behalde jobben når bedrifta er i ei fase der det går dårligare enn vanleg.

Da dei tok over hausten 2013 endra den blåblå-regjeringa reglane slik at bedrifta sjølv må betale meir, og staten mindre, når folk permitterast. Dei auka talet arbeidsgjevar må betala ved permittering, frå dei ti første til dei tjue første dagane. Eit grep som har ført til at mange bedrifter vel oppseiingar framfor permitteringar.

Sorg for hjørnesteinen Kværner Stord

Her om dagen vart problemstillinga aktualisert på Stord. Medan Aibel-kontrakten vart feira i Haugesund, var det langt meir trykka stemning på Kværner Stord. Oljebransjen er inne i ein utfordrande periode, og det hardt pressa verftet hadde håpa å vinna kontrakten Aibel fekk.

Kværner er ein hjørnestein for lokalsamfunnet på Stord. Dei sysselset om lag 3000 arbeidarar, og tar eit stort samfunnsansvar. Blant anna ved at dei i fjor tilsaett over 50 lærlingar, som dermed får fullført vegen mot fagbrev ved verftet.

Kald skulder frå næringsminister Mæland

Næringsminister Monica Mæland (H) vitja Stord på måndag. I møtet med dei tillitsvalde vart ho varsla om moglege konsekvensar for dei dersom kontrakten gjekk til Asia eller Haugesund. Ei av dei store utfordringane dei tillitsvalde tok, opp var innstramminga i permitteringsregelverket som Høgre-Frp-regjeringa innførte då dei tok over.

Ønsket om å redusera det til dei fem første dagane vart møtt med ei kald skulder frå næringsministeren, ho ville sjå folk som ikkje finn seg nye jobbar først. Det understrekar den manglande forståelsen for både arbeidstakarar og næringsliv den mørkeblå regjeringa har vist heilt sidan dei inntok regjeringskontora.

Forstår ho ikkje at betre permiteringsreglar er bra for begge sider?

Det næringsministeren ikkje tar innover seg, er at ho snakkar om menneske som treng trygghet og arbeidsgjevarar som har behov for å behalda verdifull kompetanse. Det er her permitteringar kan væra eit svært viktig verktøy for å koma over ei tung kneik både for arbeidstakar og arbeidsgjevar.

Det vi ser er ei regjering som legg til rette for meir midlertidighet i arbeidslivet gjennom å foreslå fullt frislepp av midlertidige tilsetjingar, samtidig som dei straffar dei bedrifter som ønskjer den stabiliteten faste tilsetjingar gjer. Ei trend det dessverre kan sjå ut til at også arbeidsgjevarorganisasjonane heng seg på.

Eit skritt bort frå fast arbeid som kjerneverdi i det norske samfunnet

Til Stavanger Aftenblad seier direktør i Norsk Industri, Knut Sunde, at det er “betre med en kjernebemanning og å ta toppene med innleidd arbeidskraft”.

Oversett betyr det at han meiner ein stor del arbeidstakarar må finna seg i å gje avkall på den tryggleiken og stabiliteten fast jobb gjer. Det bryt med det som lenge har vore ein kjerneverdi i norsk arbeidsliv: at fast jobb skal vera hovudregelen.

Det er ikkje hit vi skal, for hugs: fast tilsetjing er hovudregelen

Er det ei slik retning vi ønskjer oss? Mindre tryggleik, meir ustabilitet? Å vere usikker på om du kan ta sjansen på å etablera deg, få born og fast plass å bu?

For oss i Industri Energi, og for meg som ungdomsleiar, er svaret helt klart nei.

Derfor har vi lenge prioritert kampen for faste tilsetjingar, og for eit permitteringsregelverk som gjer at du kan behalda jobben og arbeidsgjevar din kompetanse, når det buttar i mot.

Fast tilsetjing er hovudregelen i norsk arbeidsliv. Og slik skal det fortsatt være. Alle – også framtidas generasjonar – har krav på tryggleik og fast jobb.

Derfor lovar eg at vi skal fortsette å kjempa vidare med stor kraft for fast tilsetjing, og mot permitteringsreglar som utan tvil har motsett effekt.

 

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Johnny Håvik - leder Industri Energi ungdom

JohnnyHåvik

Johnny Håvik er rådgiver for forbundsleder i Industri Energi. Johnny har selv lang fartstid fra prosessindustri og har fagbrev i kjemi- og prosessteknikk.
Flere artikler avJohnny