Difor er det så viktig å støtte Sør-Sudan

29. mai 2015

Blodbad, etnisk motivert vald, barnesoldatar, flyktningstraumar, akutt fare for svolt og sjukdom. Dette er marerittet folket i Sør-Sudan går gjennom. Heldigvis kan me hjelpe – og me har all grunn til å tru at hjelpa kjem fram og verkar.

60 500 medlemmer og 2000 tillitsvalgte som jobber for deg.

Etter at valden i Sør-Sudan braut ut 15.desember 2013 har konflikten ført til at tusenvis av menneske har døydd og 2 millionar er på flukt.  I tillegg er meir enn 7 millionar i akutt fare for svolt og sjukdom, og det er dokumentert omfattande menneskerettsbrot der blant anna heile familiar har blitt avretta basert på etnisitet. Hundrevis er skotne og drepne på eit sjukehus, barnesoldatar trugar sivile og kvinner blir valdtekne.

Håpet, slik Sør-Sudans erklærte selvstendighet i 2011 bar bud om, er på kort tid erstattet av resignasjon, fortvilelse og akselererende nød i befolkningen skriv Ivar Christiansen frå Norsk Folkehjelp i Bistandsaktuelt, etter at han nyleg kom heim frå ei reise til landet.

Svikta av eige leiarskap

Medan den humanitære situasjonen vert forverra, aukar spenninga mellom dei rivaliserande fraksjonane.

President Salva Kiir og tidlegare visepresident Riek Machar har brote ei rekke  fredsavtalar. Under ein tale til tryggingsrådet i FN 24. februar skildra Herve Ladsous, FNs visegeneralsekretær for fredsbevarande operasjonar, ein situasjon der begge sider i konflikten viser sviktande leiarskap og eit fokus på makt snarare enn omsyn til folket.

Halle Jørn Hanssen, tidlegare generalsekretær i Norsk Folkehjelp, går enda lengre i sin kritikk. I Urix på laurdag, 11.04.2015, seier han: Salva Kiir har svikta folket sitt og er hovudansvarleg for øydelegging av partiet SPLM og demokratiseringsprosessen.

Me hjelper gjennom Norsk Folkehjelp

Med all denne elendigheita som bakteppe har Industri Energi gått inn for å fornya avtalen med Norsk Folkehjelp om støtte til arbeidet deira i Sør-Sudan. Forbundet har støtta Norsk Folkehjelp sitt engasjement i Sør-Sudan sidan 2007, og den en nye avtalen gjeld for perioden 2015-2018.

Norsk Folkehjelp har vore i Sør-Sudan sidan 1986 og er ein av dei største internasjonale organisasjonane i landet. Norsk Folkehjelp arbeidde saman med lokale organisasjonar og rørsler under borgarkrigen, etter fredsavtalen og sjølvsenda, og nå i dagens konflikt. I tillegg vert det delt ut mat, kokekar, fiskesnører og tepper til dei som manglar alt. Absolutt alt.

Den økonomiske støtta me gjev, 400 000 kr i året,  skal dekke delar av  Norad sine krav til eigendel for Norsk Folkehjelp sine prosjekt i landet.

Deler erfaringane våre frå oljeverksemda

I tillegg skal forbundet gi fagleg støtte til utviklinga av programmet «Olje som fellesgode i Sør-Sudan»  og politisk samarbeid og utveksling knyta til oljeverksemda i landet.

Industri Energi har sidan 2011 bidrege til kompetansebygging og informasjonsoverføring til Norsk Folkehjelp sine lokale partnerar. Programbesøk frå forbundet har vore avgjerande for å nyttiggjera fagkompetanse og hauste erfaringar som gjer samarbeidet politisk relevant og interessant.

Eg har trua, det er mogleg å gjere ein forskjell

Kan me oppnå noko i det kaoset som herskar i Sør-Sudan nå?

Politikarane har svikta folket, og nå treng folket all den støtta dei kan få frå Norsk Folkehjelp og oss. Det vert delt ut naudhjelp for å redde liv, men ein må og halde liv i eit sivilsamfunn og den folkeleg deltakinga, slik at ein kan bygga opp eit fungerande demokrati der leiarane har omsyn for heile folket og ikkje berre sine nærmaste.

Det har ofte vore ei oppfatning at det ikkje er mogeleg å oppnå utvikling i ein konfliktsituasjon, men, eg har stor tru på Norsk Folkehjelp og det arbeidet me gjer saman.

Underteikna og professor Ruth Haug ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet fann i ei studie frå 2003 (War, Wealth & Poverty in Southern Sudan) at Norsk Folkehjelp hadde klart å gjera folk i stand til å betre livskåra sine trass i krig og konflikt.

Sjølv om pessimismen rår både i Sør-Sudan og blant dei som heia Sør-Sudan fram til sjølvstende, er eg optimist når eg tenkjer på kva Norsk Folkehjelp kan utretta med dei midlane me gjev.

Vil du vera med og støtte arbeidet til Norsk Folkehjelp i Sør-Sudan? 

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde