Det er på tide å forby atomvåpen

4. juni 2015

Utanriksminister Børge Brende har gjort det klart at regjeringa ikkje støttar eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Heilt uforståeleg, spør du meg.

60 500 medlemmer og 2000 tillitsvalgte som jobber for deg.

Heldigvis er det krefter som vil det annleis. Stortingspolitikarar frå Senterpartiet, SV og Venstre gjekk i mars saman om å fremja eit representantforslag for at Norge skal jobbe for å forby atomvåpen.

Sidan har debatten om Norge si rolle i arbeidet for atomnedrusting gått høgt. Utanriksministaren og partifelle Øyvind Halleraker har karakterisert atomvåpenforbodet som eit «særnorsk» og «populistisk initiativ». I følje Brende strid eit forbod mot våre plikter som NATO-medlem.

Anne Gerd Grimsby Harr, dagleg leiar i Nei til Atomvåpen, stiller det rette spørsmålet: Høgre seier at dei er bekymra for tryggleiken vår, men kva kan verdas verste masseøydeleggingsvåpen trygge oss mot?

Trugselen frå atomvåpen er enda større enn kva ein har trudd og risikoen for spreiing til nye statar og terrororganisasjonar er aukande.

Fleire og fleire statar støttar forbod. Ein skam om ikkje me og gjer det

Etter tiår med nedrusting i stampe, kom det i 2013 eit initiativ frå Norge og ei gruppe land til ein statskonferanse i Oslo. Konferansen tok føre seg dei humanitære konsekvensane ved bruk av atomvåpen.

Den tredje konferansen i rekka vart halden i Wien før jul. 160 land var representert. Austerrike la fram ei erklæring om å stigmatisere og forby atomvåpen, og oppmoda andre land til å slutte seg til.

Som følje av konferansane har fleire og fleire statar teke til orde for eit folkerettsleg forbod mot atomvåpen. Det er ei stor skam for Norge dersom me ikkje støttar opp om eit forbod.

Fleirtalet av folket og stortingsrepresentantane støttar eit forbod

Tysdag 12. mai hadde Utanrikskomiteen ei open høyring i saka. Eit fleirtal av dei folkevalde representantane støttar eit forbod, og ønskjer at Norge skal arbeide aktivt mot dette målet. Dei har støtte i folket.

I følje ei undersøking gjort av Norsk Folkehjelp støttar 8 av 10 nordmenn eit forbod.

Diverre er ikkje utanriksministaren samd i dette og har ved fleire høver sagt at regjeringa støttar «målet om ei verd utan atomvåpen» men «at det politiske grunnlaget for eit forbod mot kjernevåpen ikkje er tilstade». Regjeringa vil difor ikkje støtte eit forbod på nåverande tidspunkt.

Ekspertpanelet som deltok i høyringa var samde: Norge kan og bør arbeide for eit forbod. Det er i dag mange lover, reglar og traktatar som regulerer produksjon, lagring og bruk av atomvåpen. Med utgangspunkt i internasjonal humanitærrett og miljørett er det vanskeleg å sjå føre seg at noko som helst bruk av atomvåpen vil vera lovleg.

Likevel er det slik at medan andre messeøydeleggingsvåpen er kategorisk forbode, er det ikkje noko traktat som spesifikt forbyr atomvåpen.

I følje Cecilie Hellestveit, seniorrådgjevar ved International Law and Policy Institute (ILPI), vil det vera naturleg at Norge anerkjenner at det er ein mangel i folkeretten og arbeide for ein avtale som forbyr atomvåpen.

Atomvåpenstatane øydelegger

Ikkje-spreiings-avtalens (NPT) tilsynskonferanse vart avslutta i New York 22. mai, utan at det vart semje om eit offisielt sluttdokument. Usemje om atomvåpenfri-sone i Midtausten gjorde at USA, Canada og Storbritannia blokkerte konsensus. Dei vart takka av Israel i etterkant.

Gjennom heile konferansen var det openbart at atomvåpenstatane manglar vilje til å plikte seg til nedrusting.

Men majoriteten av statane i verda krev forbod

Frustrasjonen blant ikkje-atomvåpenstatar har ført til eit opprør. 107 statar har så langt slutta seg til det humanitære løftet om å tette holet i folkeretten og forby atomvåpen.

Den breie og veksande internasjonale støtta til det humanitære løftet sender eit tydeleg signal om at majoriteten av verdas statar er klare til å forhandle fram eit forbod, trass i at dei atomvæpna statane ikkje er klare.

Brev frå Hiroshima-overlevande: Noreg må vere ein pådrivar for nedrusting

I følje ICAN (International Campaign to Abolish Nuclear Weapons) har det vekt oppsikt at Norge, som tidlegare var ein pådrivar for humanitær nedrusting, nå er i ferd med å bli ei sinke.

Under tilsynskonferansen leverte Hiroshima-overlevande Setsuko Thurlow og leiar av ICAN, Beatrice Fihn, eit brev til norsk UD. I brevet vart Norge oppmoda til å stå fast på den tidlegare linja, der ein har vore ein pådrivar for humanitær nedrusting, og støtta arbeidet for eit forbod mot atomvåpen.

Tørr Stortinget presse regjeringa i denne saka?

Onsdag 27. mai la Utanrikskomiteen fram si innstilling i saka, og eg er letta. Eit fleirtal i komiteen støttar eit internasjonalt forbod mot atomvåpen og ønskjer at Norge skal vera ein pådrivar i denne prosessen.

Så spørst det om Børge Brende og regjeringa er villege til å lytte til folket, komiteen og stortingsfleirtalet når Stortinget skal behandle saka 12. juni.

Venstre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti står bak representantforslaget som vart behandla i komiteen. Utanrikskomiteen har ikkje innstilt forslaget som vedtatt frå komiteen, men det kjem tydeleg fram at fleirtalet meiner at «kampen for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen treng at fleire land tek på seg ei aktiv pådrivarrolle. Norge bør vera blant desse landa».  

Kristeleg Folkeparti og Arbeiderpartiet har vedteke at dei vil arbeide for eit atomvåpenforbod, men det er tvil om kva dei vil lande på i voteringa 12 juni. Nå forventar eg at KrF og Arbeiderpartiet føljer opp sin eigen politikk slik at regjeringa snur og Norge kan vera på rett side når forhandlingane om eit forbod byrjar.

Industri Energi har ein 4-årige samarbeidsavtale med Nei til Atomvåpen. Nei til Atomvåpen er ein landsomfattande og partipolitisk uavhengig organisasjon som arbeider for nedbygging av alle atomvåpen og eit forbod mot atomvåpen.

Atomvåpen er ein trugsel mot oss alle, og eit forbod er einaste måten me kan trygge oss.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde