Natta ho aldri gløymer: «Dette er siste gang du ser familien din». Sterkt møte med Arthur Svensson-prisvinnaren Jalila al-Salman

6. juli 2015

Ville du sett livet ditt på spel for  retten til å organisera deg? Eg hadde ønska at eg kunne svara «ja» på spørsmålet, men eg er ikkje sikker på om eg er tøff nok. Arthur Svenssons internasjonale pris for faglige rettigheter vart nyleg delt ut til Mahdi Abu Deeb og Jalila al-Salman, leiar og nestleiar i  lærarforbundet i Bahrain. Dei er definitivt tøffe.

Medlemskap i Industri Energi

Mahdi Abu Deeb sit fengsla i heimlandet, og Jalila al-Salman tok i mot prisen på deira vegne. Eg hadde gleda av å følje Jalila dei to dagane ho var i Oslo. Det er sjeldan eg møter menneske som gjer så sterkt inntrykk på meg som det Jalila gjorde.

Når mor vert henta av politiet, truga med valdtekt, slått og fengsla

Jalila er ei 50 år gamal kvinne, lærar, gift og mor til tre born som nå er 9, 12 og 14 år gamle.  Natt til 29. mars 2011 storma 50 væpna politimenn heimen til Jalila og familien. 6-7 politimenn henta Jalila frå soverommet.

Ho ville kle seg og dekke håret slik skikken er, men fekk berre ta eit teppe rundt seg. Etter å ha snudd opp ned på alt, drog dei Jalila ned trappa og ut i ein ventande buss.

Mann og livredde born stod att. Helikopter surra i lufta. Inngangsdøra var knust. «Dette er siste gang du ser familien din» fekk Jalila beskjed om. Så truga dei med å kaste ho ut av landet. Og med valdtekt. Ho fekk beskjed om å reise seg. Så slo dei ho i nakken.

Bussen køyrde vidare og henta fleire kvinner.

Isolat, ikkje vatn, tvinga til å stå

Dei neste 3 vekene var det ingen som visste kor Jalila var. Dei første døgera var ho i ei celle på 3 kvadratmeter saman med to andre.

Dei måtte stå oppreist vendt mot veggen. Dei fekk ikkje lov til å sove. Dei fekk ikkje bruke toalett. Dei fekk ikkje drikke.

Etter eit døgn byrja avhøyra. Seinare vart ho isolert. Etter 10 dagar fekk Jalila beskjed om at ho kom til å bli sendt til Saudi-Arabia. Ho vart så køyrt rundt så lenge at ho var overtydd om at det var sant. Men Jalila vart sett i eit nytt fengsel.

Dømd for å streika og spreia falsk informasjon

Kunne eg ha utsett meg sjølv for dei farane ho utset seg for i kampen for det gode?

Ville eg ha kjempa for retten til å organisera meg, retten til å streike og retten til å ytre meg dersom eg visste at eg kunne ha hamna i fengsel, bli torturert, og mulegeins mista livet?

Hadde eg vore villig til å utsetje familien og ungane mine for dei påkjenningane det er når mor vert henta av politiet og fengsla?

Grunnla lærarforbund, trass mannsdominans og forbode for offentleg tilsette å organisera

Trass i at Bahrain er eit strengt patriarkalsk, mannsdominert kongedøme, var Jalila i 2001 var med på å grunnlegga Bahrain Teachers’ Association.

Association, ikkje Union. Dei kunne ikkje kalle forbundet eit forbund fordi det er ulovleg for tilsette i det offentlege å organisera seg. Jalila kunne ikkje sjølv bli leiar av forbundet. Det ville ikkje vera passande i det mannsdominerte samfunnet.

I Mahdi fann ho ein god leiar. Saman arbeidde dei for å betre arbeidstilhøva for lærarane og betre utdanningssystemet. Nokre gangar arrangerte dei protestar utanfor utdanningsdepartementet.

Etter to drap vart Jalila med på demonstrasjonane under den arabiske våren

Frå den arabiske våren byrja i Tunisia i 2011 tok det ikkje mange vekene før ein også i Bahrain vart inspirert av opprøra.

Bahrain er eit lite kongedøme i den persiske golfen, med omlag 1,5 millionar innbyggarar. Halvparten av desse er migrantarbeidarar frå andre land i Asia. Den politiske eliten kretsar rundt konge Hamad og er stort sett sunnimuslimar. Dei kontrollerer den politiske og økonomiske makta, og har politisk, økonomisk og militær støtte frå Saudi-Arabia. Majoriteten av innbyggarane er shiamuslimar, og mange av dei føler seg marginaliserte.

Folk tok til gatene. Det var skuleferie og tusenvis kunne delta i protestane. Jalila såg på frå sidelinja.

Ein person vart drepen den første dagen. Den andre dagen var enda ein drepen. Då bestemde Jalila seg for at også ho måtte demonstrere.

I ei til to veker deltok ho kvar dag. Dei stod så tett at dei knapt fekk puste. Bahrain kokte.

Styresmaktene: streik er svik mot elevane og må straffast

Då ferien var over bad lærarforbundet om å få utsetje skulestart til situasjonen hadde roa seg. Dei fekk avslag. Lærarforbundet erklærte ein punkt-demonstrasjon utanfor skuleportane den første dagen. Utdanningsministeren sa at lærarane som deltok måtte straffast fordi dei gjekk frå elevane.

Men elevane var ikkje på skulen. Foreldra torde ikkje sleppe ungane ut.
Seinare vart lærarforbundet med på landsorganisasjonen sin generalstreik som varte i tre dagar. Den første dagen gjekk utdanningsforbundet ut i media og oppmoda frivillige til å møte opp på skulane for å ta over undervisninga.

Dei frivillige lærarane fekk ordre om å ta over undervisninga. Lærarane fekk beskjed om å vera i klasseromma for å assistere dei frivillige. 140 lærarar fekk sparken fordi dei deltok i streiken. Nokre veker etter generalstreiken vart det innført unntakstilstand. Og Jalila vart arrestert, fengsla og torturert.

Borna er livredde. Jalila får ikkje sove

Jalila har problem med nattesøvnen. Ho slit med å finne ro og tryggleik. Ho er redd for at nokon skal storme huset og ta henne med seg. Ho er redd for at arrestasjonane har gjeve borna traumar.

Yngstejenta er uroleg kvar gang mor er utanfor heimen. Er mor 5 minutt forsinka til ein avtale dei har, vert ho skremd.

Og ho har grunn til å vera skremd. Regimet i Bahrain respekterer ikkje menneskerettar og faglege rettar. Situasjonen har gått frå vondt til verre.

Bahrains vener i vesten

Trass i den alvorlege menneskerettssituasjonen i Bahrain, har leiarane mektig vener i vesten.

Storbritannia bygger ein militærbase i Bahrain, og USA har den 5. flåte der.

Oppmoding til norske styresmakter

Jalila ønskjer demokrati og respekt for menneskerettane i landet sitt. Ho tykkjer det er trist at landa i vesten ikkje offentleg går ut og kritiserer fengsling og tortur av opposisjonelle, lærarar, elevar, studentar og menneskerettsaktivistar.

Under debatten etter Arthur Svensson-prisseremonien tok ho mot til seg og stilte satssekretær i UD Morten Høglund spørsmålet: «vil du gå offentleg ut og kritisere situasjonen i heimlandet mitt?»

Ho fekk ikkje eit eintydig svar, men svaret gav eit håp om at Norge nå tek bladet frå munnen og stiller Bahrain til ansvar.

Sove godt i si eiga seng utan å vera redd

Eg håpar dobbeltmoralen til dei vestlege landa tek slutt. Eg håpar den norske regjeringa er modig nok til å seie frå om at nok er nok.

Eg håpar Jalila kan legge seg og sove godt i si eiga seng utan å vera redd.

Eg håpar, men diverre trur eg ho må betala ein høg pris for engasjementet sitt i lang tid framover. Ein pris så høg at eg ikkje trur eg er tøff nok til ei slik oppgåve.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde