Slik kan du hjelpe flyktningane

6. oktober 2015

Dei sterke bileta av menneske i leirar, på flukt over Middelhavet og på vandring gjennom Europa set spor og ein kan ofte føle seg makteslaus. Mange vil hjelpe, men korleis?

Me ser tydlegare og tydlegare at me er inne i den største flyktningkatastrofen sidan 2. verdskrig. Dei fleste av flyktningane søkjer tryggleik for seg og familien. Dei kjem frå krig, vald, svolt og undertrykking. Ein tredjedel av alle som kjem over Middelhavet er frå Syria.

Er du ein av dei som lurer på korleis du kan bidra til å betre situasjonen for menneske på flukt? Her er 5 tips:

1. Gje pengar

Norsk Folkehjelp er fagrørsla sin humanitære organisasjon. Norsk Folkehjelp har partnarorganisasjonar som hjelper flyktningane i Syria, nærområda og i Europa. Du kan lese meir om Norsk Folkehjelp sin humanitære innsats her.

Du kan støtte opp om det viktige arbeidet gjennom å:

2. Gje tid

Norsk Folkehjelp driv åtte asylmottak i Norge, og kjem truleg til å opne fleire. På desse mottaka har ein ulike lokale tiltak og aktivitetar i regi av Norsk Folkehjelp sine lokallag.

Døme på aktivitetar er: turar i lokalsamfunnet, språkkafe, aktivitetar for borna, osv.

Ein invitasjon på kaffi og valfer kan vera det som skal til for at ein familie som har vore på flukt i veker, månadar eller år kjenner seg velkomne til landet.  Ein invitasjon til den lokale fortballkampen eller akebakken kan vera det som gjer at ein einsleg asylsøkar igjen kan smile.

Ta kontakt med frivilligkoordinatoren i Norsk Folkehjelp: frivillig@napaid.org.

3. Husrom og hjarterom

Dersom du har ekstra plass og kan huse ein flyktning eller asylsøkar, ta kontakt med kommunen og spør etter flyktningtenesta eller flyktningkonsulenten.

4. Engasjer deg politisk

Oppmod styresmaktene til å ta betre vare på flyktningar og asylsøkarar. Flyktningane må ha hjelp i nærområda, på flukt og i Norge. Legg press på styresmaktene slik at Norge sluttar å bruke Dublin-avtalen til å avvise krigsflyktningar frå Syria.

5. Oppmod andre til å bry seg

Del denne informasjonen. Ver eit godt medmenneske, stå opp mot fordomar og feilinformasjon om flyktningar og asylsøkararar. Dei er vanlege folk, som deg og meg, i ein særs vanskeleg situasjon.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde