Listhaug er redd for kriseflyktningar, eg er redd for skatteflyktningar

18. mars 2016

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) er redd for kva som vil skje med velferdsgoda og ungane hennar når Norge tek imot mange flyktningar. Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte i Industri Energi er redd for kva som vil skje med ungane hennar dersom ikkje alle bidreg med skatt, både i Noreg og globalt.

Medlemskap i Industri Energi

Få innleggene mine rett i innboksen.

«Sylvi Listhaug har selvsagt rett: For mange flyktninger truer velferdsstaten. Men hun burde nevnt at trusselen er større fra skatteflyktninger enn fra enslige asylsøkere», skreiv kommentator Sven Egil Omdal i Stavanger Aftenblad i januar. Eit utruleg bra utsegn, spør du meg.

Dei økonomiske skilnadane aukar

Korleis greier dei 62 rikaste menneska i verda å få like stor formue som dei 3,5 milliardar fattigaste menneska i verda? Svaret er i følje Publish What You Pay Norge ; hemmeleghald i skatteparadis.

I følje Tax Justice Network er eit skatteparadis eit land eller område som har som kjenneteikn at dei har ulikt skattesystem for lokale innbyggarar og utlendingar. Skatteparadis tilbyr ikkje berre utlendingar låg eller ingen skatt, men også anonymitet og enkle, raske og fleksible reglar for registrering.

Tusenvis av nordmenn har pengar sylta ned i skatteparadis. Ingen har oversikt over kor mykje, men det er snakk om milliardar. I tillegg klarer store multinasjonale selskap å flytte omsetnaden til land med låge skatter, og kostnadar til land med høge skattar, for å unngå skattlegging. Google er eit døme på dette. I følje Finansavisa omsette Google i 2013 for om lag 2 milliardar i Norge og bidraget til fellesskapet var på 742.000 kroner. Norge taper store skatteinntekter på dette.

Skatteflyktningane ruger på rikdomen

Skatteparadisa er ikkje paradis for oss vanlege innbyggarar. Skatteparadisa gjer at velståande enkeltpersonar og store selskap unngår å betale den rettferdige delen av skattar og avgifter. Styresmaktene mister ressursar dei treng for å tilby offentlege tenester. Sosiale godar, arbeidstakarrettar og arbeidsplassar står på spel. Ulikskapane vekts mellom fattige og rike land, og mellom fattige og rike innbyggjarar.

Og kva skjer når dei rike vert rikare? Det er ikkje slik at dei rike treng 100 sofaar frå Ekornes eller 1000 par ski i frå Madshus. Dei rike brukar ikkje formuen frå skatteparadisa til å etterspørje store mengde norskproduserte varer, og i alle fall ikkje så store mengder at det sikrar produksjon. Ein treng som regel berre eit eller to par ski og det er ei grense for kor mange sofaar ein har plass til i store villaar og. Når ulikskapen veks, og mange ikkje lenger kan etterspørje varer og tenester, vil arbeidsplassar stå i fare for å forsvinne.

Eit stort arbeid må gjerast

Med store formuer i skatteparadis har skatteflyktningar og store selskap hatt råd til å betale lobbygrupper som kan påverke og kontrollere politisk makt, slik at dei har kunna fortsetje å samle opp rikdom. Men det ser ut som om verdssamfunnet har vakna. Rundt om i verda vert styresmakter utfordra med krav om openheit og politikk som hindrar dei rike i å gøyme vekk pengar i skatteparadis og dei store selskap frå å flytte overskot mellom land, via skatteparadis, for å redusere skatten, samstundes som statskassar vert tappa for skatteinntekter.

I Norge har ein fått gjennomslag for land-for-land-rapporteringsstandard. Men dette er ikkje nok, og store delar av sivilsamfunnet krev ein utvida rapporteringsstandard slik at ein også kan finne ut om selskapa faktisk betaler den skatten dei skal. I følje PWYP-Norge er det tre kritiske hull som må tettast for at lova skal verke etter hensikta:

  • innehalde fulle kostnadar
  • selskapa må rapportere frå alle landa dei er registert i utan unntak
  • opplysningane må inn som notar i årsrekneskapet for å unngå at andre enn reelle rekneskapstal vert rapportert.

Håp om betre rapporteringsstandard og meir openheit

Eit nytt forslag frå Finansdepartementet har vore ute på høyring, og eg kryssar fingrane for at ein betre rapporteringsstandard skal hindre at skatten vår forsvinn.

I tillegg treng ein betre informasjonsutveksling mellom land. I dag er det bilaterale skatteavtalar som gjeld, men Norge har ikkje avtalar med alle land og skatteparadis. Noko må gjerast.  Ved t.d. automatisk informasjonsutveksling, som Tax Justice Network fremjar vil ein bank i land B måtte rapportere renteinntekter til skattestyresmaktene i land B som ein innbyggar frå land A har i banken. Skattestyresmaktene i land B vil så automatisk sende dette og andre relevante opplysningar til land A sine skattestyresmakter, slik at dei kan sjekke dette opp mot sjølvmeldinga til innbyggaren i land A. Dette kan vera ei løysing på problemet.

Men kva skal me gjera med dei nordmennene som er så rike at dei ikkje har råd til å betale skatt til Norge og difor må flytte til land med lågare skatt? Kanskje Listhaug sine innstramingsforslag kan brukast her i staden for på krigsflyktningane? Stengte grenser, innstraming i retten til «familiegjenforening» og krav om bestått prøve i samfunnsfag dersom dei vil opphalde seg i Norge over tid?

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde