Kva skjedde med flyktningkrisa?

11. July 2016

Me høyrer ikkje så mykje om flyktningkrisa for tida. Av og til går ein båt full av menneske ned i Middelhavet, men avisene og nyheitsendingane nemner det så vidt, skriver internasjonal rådgjevar Amalie  Hilde Tofte i Industri Energi.

Det er lenge sidan det var vinter og kø av asylsøkarar og journalistar ved grensene våre. Kanskje krisa er over for vår del? Krisa er definitivt ikkje over for flyktningane sin del. UNHCR, FN-organisasjonen for flyktningar, har lagt fram tal for 2015. Aldri før har fleire menneske vore på flukt.

65,3 millionar menneske på flukt i 2015

Flyktningstraumen over Middelhavet sette migrasjon på toppen av den politiske dagsorden i 2015.  Tal frå UNHCR viser at ufattelege 65,3 millionar menneske var på flukt i fjor. Det er 13 gangar innbyggjartalet i Norge, og ei auke på 5,8 millionar frå 2014. Eg må berre nemne det ein gang til: 13 gangar innbyggjartalet i Norge er på flukt! Halvparten av desse flyktningane er born.

Både talet på internt fordrivne  (40,8 millionar) og flyktningar (24,5 millionar) som har kryssa ei landegrense, er det høgast som er registrert så lenge det har eksistert påliteleg statistikk. Tala er nesten dobbelt så høge som for berre 10 år sidan. Syria og Colombia er landa som har flest flyktningar i eigne land, medan det er flest palestinske, syriske og afghanske flyktningar som har kryssa landegrensene.

Store humanitære kriser er problemet

Halvparten av dei nye internt fordrivne menneska,  menneske som er på flukt i eige land, er i Syria, Irak og Jemen. Diverre kjem nok enda fleire til å måtte legge ut på flukt i desse landa. Konfliktane står i fare for å bli fastlåste, og det er liten optimisme knyta til politiske løysingar.

Krigen i Syria har drive meir enn 12 millionar menneske på flukt, og av dei er 6,6 millionar inne i Syria, medan 5,1 millionar kvinner, barn og menn har flykta over grensene til nabolanda. Libanon, Jordan, Irak, Egypt og Tyrkia har opna dørene for 95 prosent av flyktningane. Libanon har til dømes teke i mot 1,2 millionar syrarar. Kvar fjerde innbyggjar i Libanon er nå flyktning. Til samanlikning har 3,5 prosent av innbyggjarane i Norge bakgrunn som flyktningar.

Industri Energi gav 500 000 kroner til tiltak retta mot flyktningar

Forbundsstyret i Industri Energi vedtok i fjor haust at forbundet skulle gje 250 000 kroner til Redningsselskapet sitt oppdrag i Middelhavet. Redningsskøytene «Peter Henry von Koss» og «Siem Pilot»  redda tusenvis av flyktningar og frakta dei trygt i hamn i Hellas eller Italia. I tillegg fekk Norsk Folkehjelp 250 000 kroner til deira breie engasjement for flyktningar, både her heime og i landa flyktningane er på flukt frå og til.

Mangelen på nødhjelp er rekordstor

Trass i at fagrørsla og mange med oss støtta opp om flyktningane i fjor, er det diverre eit rekordstort gap mellom behovet for hjelp og tilgjengelege ressursar. Menneskeliv går tapt i områder ramma av konflikt, fattigdom og klimaendringar.

Ressursane er for små og hjelpetiltaka kjem for seint. Samfunna som tek i mot flyktningane, enten i eige land eller i nabolanda, møter store utfordringar. Ofte er dette samfunn som i utgangspunktet er sårbare og manglar ressursar.

Kenya ser til Europa og stenger verdas største flyktningleir

Den største flyktningleiren i verda, Dadaab, ligg i Kenya ved grensa til Somalia. Den har husa 350 000 flyktningar. Mange av dei har søkt tilflukt frå terrororganisasjonen al-Shabaab i Somalia. Leiren er nå i ferd med å verte tømt. Den skal stengast fordi kostnadane har vorte for store og terroristar har søkt tilflukt i leiren. Visepresidenten i Kenya har uttalt at Kenya har oppfylt dei internasjonale pliktene knyta til humanitær bistand, men ingen land kan bere denne byrda aleine. I tillegg meiner han at Kenya set eigne innbyggjarar sin tryggleik i fare ved å oppretthalda leiren.

Det var i følje VG innanriksministeren i Kenya som først lufta ideen om å stenge leiren. Han peikte på at ei rekke europeiske land har innført restriksjonar på å ta i mot flyktningar, og nemnde spesielt at dei rike og demokratiske landa i Europa ikkje vil ta i mot flyktningane frå Syria.

Europa stenger flyktningane ute og går på akkord med menneskerettane og flyktningretten

Land i Europa har bygd høge gjerder og kappast om å få på plass dei strengaste lovene for å halde flyktningane ute.

I ein markering regi av Safe Passage NOW 27. mars i år haldt forbundsleiar  i Industri Energi Leif Sande appell. Han sa:  I staden for å leve opp til det felles ansvaret dei europeiske landa har:  til å hjelpe menneske på flukt, til å redde liv, til å respektere menneskerettane  og sikre retten til å søke asyl, er det eit kappløp om å ha dei strengaste regalane og stenga flest muleg ute. Eit kappløp om å gjera reisa til tryggheit så vanskeleg som mogleg. Og i dette kappløpet er landa i Europa villege til å ofre menneskerettane og retten til å søke asyl.

18. mars inngjekk EU ein avtale med Tyrkia som tek sikte på å returnere dei mange flyktningane som reiser sjøvegen frå Tyrkia til Hellas. Dublin-avtalen var lenge sett ut av spel, og flyktningane som kom over Middelhavet fekk reise nordover til Tyskland, Sverige og andre venlegsinna land. Etter 20. mars har båtflyktningane som kom frå Tyrkia vorte sperra inne i leirar, og dei fleste returnert over havet.

Flyktningkrisa er ei krise, og då først og fremst for flyktningane. Innstraming i asylpolitikken skal hindre at det vert vår krise.

Her heime er det lite fokus på krisa nå, men den er der ute framleis. Aldri før ha så mange menneske vore på flukt, og krisa kan kome til å verte mykje verre. Tenk deg at fleire land gjer som landa i Europa og Kenya. 24,5 million menneske har då ikkje nokon stad å gjera av seg. Og tenk om dei sårbare samfunna i landa med store mengder internt fordrive menneske også stenger flyktningane ute. Då har me 13 gangar innbyggartalet i Norge fanga i krigssoner og humanitære katastrofar. Mange vil døy. Er vår iver etter å trygge grensene og den strenge, rettferdige og humane innvandringspolitikken vår med på å tvinge fram ei enda verre flyktningkrise enn den me ser nå?

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde