Sør-Sudan treng støtta vår meir enn nokon gong

19. desember 2016

Maktkampen i Sør-Sudan har spissa seg til så mykje at FN åtvarar om at eit folkemord kan bli resultatet. Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte er sterkt uroa over situasjonen.

Amalie alvorlig
Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte i Industri Energi

Få innleggene mine rett i innboksen

Det er snart jul. Julebord, juletrefest, julemiddag og julegåver. Tida er inne for kos, hygge og god mat. Og så er det nyttår. Nytt år, nye forsett og nye sjansar. Eg ønskjer inderleg at det vert eit godt nytt år i Sør-Sudan. Dette året har vore katastrofalt og det vert nok ikkje rare julefeiringa i det unge landet.

Industri Energi har i ni år støtta Norsk Folkehjelp sitt program i Sør-Sudan. Situasjonen i landet har ikkje vore verre enn nå. Innbyggjarane treng støtta frå oss meir enn nokon gong. Ein får ikkje mange nyheiter frå Sør-Sudan, dei druknar blant alle dei andre krisene, og eg vil her gje dykk ei rask innføring i «den tredje borgarkrigen» og situasjonen i dag.

Borgarkrigar og andre væpna konfliktar

Den første borgarkrigen varte frå 1963 til 1972. Den andre krigen byrja i 1983 og var i grove trekk mellom regjeringa i Khartoum og opprørsgruppa Sudan People’s Liberation Movement/Army (SPLM/A). Årsaka til dei to første borgarkrigane  var hovudsakeleg konstitusjonelle ordningar i   Sudan og retten til sjølvstyre for sør og andre periferiar. Ein fredsavtale vart underskriven i 2005, og Sør-Sudan var ein delvis autonom eining i Sudan fram til folkerøystinga om sjølvstende i 2011.

SPLM/A har ei komplisert historie der grupper har brote ut, fått finansiering frå Khartoum for å kjempe mot SPLM/A, for så å vende tilbake til SPLM/A. I tillegg har grupper teke til våpen i lokale kampar om ressursar: tilgang til beite, vatn, kyr og kvinner, og i konfliktar mellom pasturalistar og fastbuande jordbrukarar. Trass i sjølvstyre frå 2005 fortsette mindre opprørsgrupper å utøva vald.

Den tredje borgarkrigen: visepresidenten vart skulda for kuppforsøk

Då Sør-Sudan vart sjølvstendig i 2011 fekk regjeringa i hovudstaden Juba eigarskap til oljeutvinninga. Dette gav milliardar av dollar i inntekt, men landet mangla eit statsapparat som kunne forvalte pengane på ein god måte. Allereie i 2013 var den sør-sudanske staten svak og korrupt, med utbreidd valdsbruk.

Sommaren 2013 avsette presidenten vise-presidenten og store delar av regjeringa vart bytte ut med presidenten sine allierte. I desember 2013 braka grupperingar i hæren, SPLA, saman i Juba og den politiske krisa og manglande tryggleik gjorde at valden eskalerte til andre område. Delar av hæren gjorde mytteri og slo seg saman med væpna sivile grupper og opprørsgrupper. Eks-visepresident Machar leiar utbrytarane i SPLM/A In Opposition (SPLM/A(IO)), men situasjonen er uoversiktleg og ikkje alle som kjempar mot hæren støttar Machar.

I vestlege media har borgarkrigen ofte vorte forklart ut frå etniske skiljelinjer, men det er ein politisk maktkamp

Det er over 60 ulike etniske grupper i Sør-Sudan. President Kiir og eks-visepresident Machar kjem frå dei to største etniske gruppene: Dinka og Nuer. Maktkampen mellom dei to er av politisk art, men begge har i aukande grad brukt etnisitet som eit argument for å samle støtte. Dette har ført til aukande spenningar mellom etniske grupper og etnisk motivert vald. Ifølgje FN er hatefulle ytringar og oppmoding til vald basert på etnisk- og politisk-tilhøyring aukande, og fleire er nå redde for at det kan skje folkemord.

Frå vondt til verre

Ein fredsavtale vart signert i 2015, men situasjonen har gått frå vondt til verre; økonomisk samanbrot, humanitær katastrofe og fare for folkemord. Dei humanitære lidingane er store: av eit innbyggjartal på omlag 12 millionar er over 1 million flyktningar, mellom 1,6 og 2,2 millionar er internt fordrivne, 200.000 menneske bur i FN-leirar, mellom 4,6 og 6 millionar manglar mat, helse- og utdanningssystemet har brote saman, og seksualisert vald og drap på sivile er utbreidd. Infrastrukturen er dårleg, og spesielt i regntida er det vanskeleg å kome seg rundt i landet. 65,9 prosent av innbyggjarane lever i ekstrem fattigdom, 85 prosent har ikkje-løna-arbeid, og hyperinflasjon, matmangel og høge matvareprisar har ført til at mange ikkje har råd til basisvarer.

Norsk Folkehjelp har arbeidd i sørlege Sudan/Sør-Sudan sidan 1986, og er ein av dei største internasjonale organisasjonane og ein av dei som har arbeida lengst samanhengande i landet. Industri Energi er glad over å kunne bidra.

Kvart år bidreg Industri Energi med 400.000 kr til Norsk Folkehjelp sitt program i Sør-Sudan. Pengane skal dekkje Norads krav til eigenandel som er minimum 10 prosent, og såleis får Norsk Folkehjelp 4 millionar til programmet. I utgangspunktet skulle pengane frå forbundet nyttast til utvikling av prosjektet «Olje som fellesgode i Sør-Sudan», men på grunn av borgarkrigen har det ikkje vore muleg å gjennomføre dette. Bidraget vårt har difor gått inn i dei andre delane av programmet til Norsk Folkehjelp.

Norsk Folkehjelp arbeidar saman med organisasjonar og rørsler for å utvikle sivilsamfunnet. I tillegg arbeidar dei saman med bønder for å auke matproduksjonen og helsearbeidarar for å auke tilgangen til helsetenester. På grunn av krisa har Norsk Folkehjelp distribuert om lag 20 posent av all nødhjelp til landet dei siste åra. Det vart lagt ned ein stor innsats for å betre tilhøva i landet, og det trass i at det nå er stor risiko knyta til å arbeide i landet.   «Vi kan ikke la en hardt prøvet sivilbefolkning lide fordi de har udugelige ledere», skriv Kathrine Raadim, leiar av eininga utland i Norsk Folkehjelp. Dette er solidaritet i praksis, og Industri Energi er glad for å få vera med og vise solidaritet med det sør-sudanske folket.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde