Dei ekte klimaarbeidarane

13. January 2017

Grøne arbeidsplassar er meir enn vindmøller. Norske industriarbeidarar bidreg med store klimakutt allereie, skriv rådgjevar Johnny Håvik.

Johnny Håvik - leder Industri Energi ungdom
Samfunnspolitisk rådgjevar Johnny Håvik i Industri Energi

 

Få alle mine innlegg rett i innboksen

Dette innlegget ble først publisert av Fri Fagbevegelse

På Melkøya ligg Statoils LNG-anlegg. Her vert naturgass frå Snøkvitfeltet prosessert og konvertert til nedkjølt flytande form (LNG), som vert transportert ut til marknaden på skip.

Anlegget på Melkøya er verdas første LNG-anlegg med CO2-fangst og lagring. På kontrollrommet jobbar Idunn med å overvake prosessen. Ho følgjer med på at alt går som det skal. Når gassen kjem inn i anlegget, vert CO2 skild ut frå gassen. Det unike med anlegget på Melkøya er at i staden for å sleppe gassen ut i atmosfæren, vert den sendt tilbake til reservoaret, nesten 2.500 meter under havbotnen. Høgteknologi i verdsklasse!

Reduserar CO2-utslepp

Idunn er med andre ord ein klimaarbeidar. Klimaarbeidarar og grøne arbeidsplassar er ikkje eit fenomen som berre høyrer til langt inne i framtida, slik ein gjerne kan få inntrykk av gjennom samfunnsdebatten. Dei jobbar i norsk industri allereie! Kompetansen og teknologien på Melkøya reduserar ved full produksjon utsleppa av CO2 med nær 800.000 tonn i året. Det betyr at vi unngår utslepp tilsvarande 6 av 10 flyreiser innanlands!

Idunn er eit produkt av den norske modellen. Ho er fagarbeidar, utdanna ved Hammerfest Vidaregåande Skule. Kombinert med høg kompetanse, bidreg bedriftsdemokrati, tillit og flate strukturar til at norske fagarbeidarar brenn for arbeidsplassane sine. Dei kjem med idear til forbetringar, og seier frå om noko er gale. Dette gjer norske industriarbeidsplassar til den perfekte staden å utvikle klimateknologi. Teknologi verda vil vere avhengig av for å nå ambisiøse klimamål.

Etterspurnaden etter olje vil forsette

Det er inga enkel oppgåve! Vi veit at verdas befolkning aukar raskt, samstundes som store delar av verda ønskjer same velferdsnivå som vi har i Norge. Difor aukar den globale etterspurnaden etter olje på eit år med like mykje som Norge sin totale produksjon. Med andre ord: det kjem til å vere stor etterspurnad etter olje og gass i lang tid framover.

Dersom ein er oppteken av klima er det difor kvar produksjonen kan skje med lågast mogleg utslepp som er interessant. Det er der Idunn og dei andre klimaarbeidarane i norsk industri kjem inn i biletet. Høgkompetent arbeidskraft som brenn for arbeidsplassane sine, kombinert med ei ambisiøs petroleumsnæring, og ein aktiv stat som set strenge krav har ført til at norsk sokkel har blant verdas lågaste utslepp, under halvparten av verdsgjennomsnittet.

Norsk sokkel er i endring

I eit klimaperspektiv vert det meiningslaust når stadig fleire argumenterer med at vi av omsyn til klima ikkje kan finne og sette i produksjon nye felt på norsk sokkel. At norske ressursar, blant dei mest klimavenlege i verda, skal bli liggande i bakken gjev inga meining. Kva energi skal då erstatta den som ikkje vert produsert i Norge? Meir kolkraft? Meir tjæresandolje? Eller kanskje meir diktatorolje frå Midtausten, der nesten ingenting av verdiskapinga fell tilbake til fellesskapet?

Svaret er opplagt. Så lenge verda etterspør olje og gass, er produksjon på norsk sokkel positivt i eit klimaperspektiv. Med det følgjer eit stort ansvar for å dyrke fram ny klimateknologi. Å vere fremst i verda i 2016, betyr ikkje automatisk at vi har same posisjon i framtida. Til det trengs kontinuerlig hardt arbeid frå næringa. Norsk sokkel er, og skal framleis vere, verdas laboratorium for klimateknologi. Difor har næringa i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane jobba fram «Klimavegkart – norsk sokkel i endring».

Høge ambisjonar

I klimavegkartet tek næringa på seg store plikter. Innan 2030 skal det gjennomførast CO2-reduserande tiltak tilsvarande 2,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette kjem på toppen av den tidlegare målsettinga om kutt tilsvarande 1 million tonn innan 2020, eit mål næringa på eige initiativ nyleg heva til 1,4 mill. tonn.

Lukkast næringa med måla sine, kjem utsleppa til å vera redusert tilsvarande 7 av 10 bilar på norske vegar. Det vil vere eit formidabelt løft!

Verdsleiande på klima- og miljøteknologi

Norske industriarbeidarar har lange tradisjonar for å utvikle verdsleiande klima- og miljøteknologi. Ein skal ikkje langt tilbake for å finne tider der svovel-, flour-, og kvikksølvutslepp var store utfordringar. Den norske industrisuksessen har aldri lagt i å svare på utfordringar med å stengja ned, skyve problemet over til nokon andre. Tvert i mot, utfordringane har vore møtt med satsing på forsking, utvikling og teknologi. Resultatet har ført til at vi innan ei rekke område er verdsleiande på klima- og miljøvenleg industri. Anten det er på Statoil Melkøya eller i landindustrien er verkelegheita den same: dei som jobbar der er klimaarbeidarar i verdas grøne laboratorium. Utan dei ville verdas klimagassutslepp ha auka kraftig.

Omstilling er ikkje noko nytt fenomen i Norge. Tvert i mot er det kontinuerleg omstillingsarbeid som har ført oss der vi er. Lærdommen frå fortida må vere såkornet til framtida. Framtidas industriarbeidsplassar kjem til å utviklast på skuldrene av den industrien vi allereie har!

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Johnny Håvik - leder Industri Energi ungdom

JohnnyHåvik

Johnny Håvik er rådgiver for forbundsleder i Industri Energi. Johnny har selv lang fartstid fra prosessindustri og har fagbrev i kjemi- og prosessteknikk.
Flere artikler avJohnny