Ti viktige lyspunkt i verdas mørke

6. februar 2017

Det kjennest kanskje ikkje slik ut akkurat nå. Men det er faktisk lys i den mørke tunellen. Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte er uroa over utviklinga i verda, men har funne fram til ti positive endringar  som gjev håp om betring.

Amalie alvorlig
Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte

Ekstremisme, terror, krig, brexit, og aggressive stormakter, og sist men ikkje minst valet av Donald Trump som president i USA gjer at det er vanskeleg å vite kva me har i vente. Falske nyheiter kompliserer det heile. Freedom House sin rapport for 2016 har tittelen: «Engstelege diktatorar, vaklande demokrati og global fridom under press». Det går med andre ord ikkje så bra med verda.

Eit kappløp mot botnen

Ulikskapen aukar mellom dei få som har mest og resten. Éin prosent av verdas rikaste menneske har meir rikdom i dag enn dei resterande 99 prosentane. I arbeidslivet ser me eit kappløp mot botnen, eit kappløp om billigast muleg produksjon, overgrep mot uformelle arbeidarar, migrantarbeidarar og papirlause arbeidarar, og ikkje minst kvinnelege arbeidarar, og uverdig tilhøve i dei svarte og grå marknadane til underleverandørane.

Brorparten av arbeidarane i verda manglar juridisk tryggleik. Dei er ikkje dekka av kollektive avtalar og får ikkje organisera seg. Menneskerettane vert brotne over ein låg sko. Retten til å organisere seg, retten til fredfull samling og ytringsfridomen står i fare mange stadar.   Fagforeiningsrepresentantar, menneskerettsforkjemparar, redaktørar, journalistar og bloggarar vert trakassert, utsett for fengsling, tortur, trugslar, forsvinningar eller drap.

Kva skjer med landet vårt?

Norge, som bør vera det beste landet i verda, vernar ikkje lengre om dei verdiane eg trudde me stod for. Norge er mot atomnedrusting, noko som kunne ha gjort verda til ein tryggare stad. 65 millionar menneske er på flukt og Norge er villig til å bryte menneskerettane så lenge det hindrar nye flyktningar og asylsøkarar å kome seg inn i landet for å «snyte» på sosialsystemet vårt. Norge ratifiserer ikkje tilleggsprotokollen til Barnekonvensjonen. Me vil med andre ord ikkje gje ungar same mulegheit som vaksne til å klage inn menneskerettsbrot til FN. Nokre norske selskap gjev blanke i internasjonale standardar for samfunnsansvar og Stortinget sine oppmodingar, utan at det har konsekvensar for selskapa. Norge sender dårlege signal ut i verda.

48 millionar born treng hjelp frå UNICEF i år. Som lita speidarjente gjekk eg rundt med bøsse og song «Unicef er trylleord, det tror mange barn på jord».  I dag tvilar eg på om me nokon gang kjem til å slutte å ignorere at millionar av ungar svelt. I hel.

 

Å sjå inn i framtida er som å sjå inn i skoddeheimen. Kva som helst kan skjula seg der inne.

Skremmande.

Deprimerande.

Eg treng håp.

Eg treng eit lys i tunellen.

Heldigvis skjer det noko positivt ute i verda. Her er 10 lyspunkt

1. Færre småborn døyr. Mellom 1990 og 2015 vart dødelegheita for barn under 5 år redusert frå 90 til 43 born per 1.000 fødslar. Det tyder at seks millionar fleire barn har fått oppleve å fylle 5 år i denne perioden, ifølge verdsorganisasjonen FN.

2. Me lever lengre. Den globale forventa levealderen har auka frå 52,4 år i 1960 til 71,5 år i 2014, viser tal frå Verdsbanken. Verdas Helseorganisasjon (WHO) skriv at leveralderen på verdsbasis har auka med 5 år sidan år 2000. (Når eg tenkjer meg om så er ikkje dette udelt positivt. Afrikanske diktatorar, presidentar som tviheld på makta og ein viss ny president er over 70 år).

3. Gapet mellom dei rike og dei fattige landa minkar faktisk, viser tal frå Verdensbanken. I 1999 levde 29 prosent av verdas menneske i ekstrem fattigdom (1,9 USD per dag). I 2013 var talet redusert til 10,7 prosent. Dei siste 25 åra har landa i Asia vore spesielt flinke. Til dømes har Kina løfta 500 millionar menneske ut av fattigdom.

4. Det som skjer i Syria, Sør-Sudan og andre borgarkrigar er forferdeleg. Heldigvis har talet på borgarkrigar gått ned sidan 1990. I tillegg døyr færre i krig, skriv avisa Bistandsaktuelt. Regjeringa i Colombia og FARC har skrive under på fredsavtale, og nå er regjeringa og ELN i gang med fredssamtalar. Dette kan vera slutten på den borgarkrigen som i vår tid har vart lengst.

5. 50 millionar fleire born og 40 millionar fleire tenåringar går på skule i dag enn i år 2000. Talet på born som ikkje går på skule er dermed halvvert, trass i folkeauke. (Les meir om dette på Bistandsaktuelt) Jenter med utdanning får færre born, og får born seinare i livet. Dette reduserer risikoen for at born og mødrer døyr. Det er også meir sannsynleg at born av mødrer med skulegang får gå på skulen. Dei får betre ernæring og helse. Utdanning av jenter er også avgjerande for kvinner sin deltaking i politikk og samfunnsliv, ifølge Norad.

6. To land, Rwanda og Bolivia, har meir enn 50 prosent kvinneleg representasjon i parlamentet. Dei siste 20 åra er det prosentvis dobling av kvinnelege parlamentarikarar, ifølge tal frå FN. Kvinneleg deltaking betrar politiske prosessar, viser forsking. Det går for seint, men det går framover.

7. Færre vert smitta av Hiv og færre døyr av AIDS. Den nyaste rapporten til UNAIDS frå 2015 viser at 36,9 millionar menneske levde med hiv-smitte i 2014, og at 2 millionar nye hiv-smitta menneske vart registrert. Dette er ein nedgang frå 2001 med 28 prosent. Den største nedgangen ein har hatt blant born. Frå 2001 til 2014 vart 58 prosent færre born smitta. 1,2 millionar menneske døydde av AIDS-relaterte sjukdomar i 2014. Det er ein sterk reduksjon og 42 prosent nedgang frå 2005.

8. Talet på barnearbeidarar er redusert frå 246 millionar i år 2000 til 168 millionar i dag. Meir enn halvparten av borna arbeider under tilhøve som er direkte skadeleg for helse, tryggleik og moralsk utvikling. Det positive er at talet på born under slike arbeidstilhøve er redusert frå 171 millionar born i år 2000 til 85 millionar i dag, viser tal frå ILO.

9. Ny teknologi fører til utvikling og arbeidsplassar. Dei siste åra har mobiltelefonar vorte allemannseige. I til dømes Kenya hadde kun 10 prosent av innbyggjarane mobiltelefon i 2002, og fasttelefon var for dei med relativt god økonomi i urbane strøk. Nå er mobiltelefonen allemannseige. Telefonen gjer at folk kan halde kontakt med kvarandre, utveksle informasjon, nå offentlege kontor, den vert brukt til å betale med og for dei med tilgang til internett har informasjonstilgangen eksplodert.

10. Gjennom å delta i valprosessen kan me endre dei dystre utsiktene. Ved å mobilisere, engasjere oss og røyste kan me få ny regjering og politikk i Norge frå hausten. Og innan fire år har amerikanarane mulegheit til å mobilisere og få fram gode alternativ som vil gjere verda og ikkje berre USA «great again».

Ikkje gje opp!

Det siste me må gjera nå er å lukka augo,  gje opp og ikkje bry oss. Det er lys i tunellen. Mykje går framover, og meir kan gjerast. Ei sterk internasjonal fagrørsle er del av løysinga. Respekt for menneskerettane og dei faglege rettane, rettferdig fordeling, anstendige løns- og arbeidskår, solidaritet og fridom er målet vårt. Nå må me sørgje for at det også er målet til politikarane våre. I Amerika, i Afrika, i Asia, i Oseania, i Europa. Og i Norge.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde