Delingsøkonomi: Ny teknologi kan ikkje handteras med gammaldagse arbeidsvilkår

20. February 2017

Offentlege tenester vil berre verta viktigare og viktigare, og truleg må dei styrkast. Då treng vi verksemder som evnar å yte gjennom skattesystemet. Det er dette som er reell deling og samfunnsbygging, meiner Are Tomasgard.

Are Tomasgard
Gjestebloggar Are Thomasgard

Få innlegga mine rett i innboksen

Ikkje berre har vi ei rekordhøg arbeidsløyse: Vi ser og ein stadig auke i lausare tilsetjingsforhold, førebelse kontraktar, deltidsstillingar og andre former for tilknyting til arbeidslivet som undergrev dei tilsette sine rettar.

I mange bransjar har vi gått frå ein situasjon der det vanlege var ei fast stilling hos ein arbeidsgjevar – til ein situasjon der ganske store grupper av tilsette ikkje har denne tryggleiken lenger. Det kan vere at dei i staden vert leigde inn, eller der ein vert tilsett i eit selskap som ikkje driv annan verksemd enn å leiga ut arbeidskraft. Eller det kan vere det vi kallar kontraktørverksemd, at arbeidsfolk registrerer seg som sjølvstendig næringsdrivande, for å selja tenester til arbeidsgjevar; i ein del tilfelle til same arbeidsgjevar som den no sjølvstendig næringsdrivande tidlegare var fast tilsett.

Utryggleik med delingsøkonomi

Det er ikkje noko gale i å driva sitt eige selskap. Mange gjer det for å kunna styra sin eigen kvardag, men slik er det ikkje for alle som i dag er registrert som sjølvstendig næringsdrivande. Diverre vert fleire og fleire tvungne til å registrera seg som sjølvstendig næringsdrivande mot sin eigen vilje. Mange kan ikkje seia ja eller nei til oppdrag utan at det får store konsekvensar. Langt frå alle kan fastsetja sin eigen pris eller arbeidstid. Mange er fortsatt underlagt ein sjef, men styrkeforholdet er sterkt endra, og det er ikkje til dei som utfører arbeidet sin fordel.

Ta for eksempel selskapet Uber, som har vorte eit symbol på den såkalla «delingsøkonomien». Ved å ta i bruk ordet deling, får ein det til å virka som at det er noko sosialt og bra som foregår. Å dela er noko vi oppfattar som bra. Delingsøkonomi høyrest difor bra ut, men la det vera tindrande klart: Det er omtrent like mykje deling i det selskap som Uber held på med som det er russarar i russisk kaviar. Det er Uber som set prisen og rammene. Sjåførane er i praksis bundne til eit selskap. Men Uber unndreg seg arbeidsgjevaransvaret. Sjåførane har ikkje høve til å forhandle vilkåra sine. Det er ikkje noko nytt i ei slik organisering i arbeidslivet. Det er gammaldags, urettferdig og lite produktivt. At det handlar om ny teknologi og ein app, gjer ikkje noko endring.

Verdier blir ikkje fordelte

Vi er ikkje i mot ny teknologi. Det har norsk fagrørsle aldri vore. Tvert om har vi gått i bresjen for eit kompetent arbeidsliv der dei tilsette tar i bruk ny teknologi for å styrka konkurransekraft, eksportinntekter og velferdssamfunnet vi er ein del av. Det har vi klart nettopp fordi vi har klart å fordela verdiane på ein måte den såkalla delingsøkonomien ikkje fangar opp. Fordelinga har vore eit direkte resultat av sterke organisasjonar som forhandlar vilkår på vegner av dei tilsette. Vi har satsa på verksemder med skatteevne, og vi har bygd eit samfunn der ein sterk offentleg sektor har vore privat sektor sitt viktigaste rammevilkår. Det at vi har barnehagar, skular, skulefritidsordningar, sjukehus, omsorgstenester, vegar, bane, flyplassar, hamner og så vidare er ein avgjerande føresetnad for at konkurranseutsette næringar skal kunna utvikla sine produksjonslinjer. Desse tenestene som i all hovudsak vert utført av staten, fylkeskommunane eller kommunane vil ikkje verta mindre viktig i overgangen til eit meir digitalisert samfunn.

Verksemder må betale skatt!

Tenestene det offentlege utfører vil berre verta viktigare og viktigare, og dei må truleg styrkast. Då treng vi verksemder som evnar å yte gjennom skattesystemet. Det er dette som er reell deling og samfunnsbygging. Eg meiner difor at ein må styra unna dei politiske partia som ukritisk hiv seg på og hyllar den såkalla delingsøkonomien og som framstiller det som noko nytt. Ikkje det at teknologien er unyttig, men vi må stilla dei same krava til reguleringar og skattlegging til selskapa, og samfunnet må leggja til rette for organisering og rettferdig fordeling av verdiane. Dersom ikkje undergrev vi den norske modellen og det samfunnet vi kjenner i dag. Eit samfunn som har gitt oss høg produktivitet, rettferdig fordeling og eit sterkt offentleg tenestetilbod.

Bruk stemmeretten!

Vi må bruka stemmeretten vår i årets stortingsval som er 11. september. Gjennom stemmene våre kan vi krevja ein stopp for førebelse stillingar, ulovleg innleige, nullkontraktar og fast tilsette utan lønn mellom oppdrag. Fordi dette er gammaldags og urettferdig arbeidsmarknadspolitikk som inviterer til sosial dumping, og som difor bør skrotas så raskt som mogleg.

Eit moderne arbeidsliv krev kompetente arbeidstakarar. Dei beste føresetningane for eit moderne framtidsretta og økologisk berekraftig arbeidsliv, er å ta vare på dei tilsette. Skapa trygge rammer som inviterer til kontinuerlig kompetanseheving og tilnærming til ny teknologi. Verken arbeidsgjevarar eller tilsette er viljug til å bruka særleg med ressursar på kompetanseheving dersom arbeidsforholda er lause eller kortvarige. Vidare må vi framleis dyrka fram dei verksemdene som har både skatteevne og skattevilje. Vi må ta vare på dei eigarane som har skjøna modellen og stå hardt imot dei eigarane som aktivt motarbeidar den norske modellen, det organiserte arbeidslivet og med det eit trepartssamarbeid som er reelt.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Are Tomasgard

AreTomasgard - gjesteblogger

Are Tomasgard sitter nå i LOs ledelse. Han har tidligere vært spesialrådgiver i Industri Energi.
Flere artikler avAre