Norge har lukkast i å gjera olja til ei velsigning

17. mars 2017

Utan eit anstendig arbeidsliv og sosial dialog mellom partane i arbeidslivet ville den norske oljehistoria sett heilt annleis ut, påpeikar internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte.

Amalie alvorlig
Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte i Industri Energi

Få alle mine innlegg rett i innboksen

Dette innlegget vart først publisert av Stavanger Aftenblad

I Norge har fagrørsla vore ein aktiv og viktig pådrivar for at olja skal vera ei velsigning for landet vårt, og ikkje ei forbanning slik den er mange stadar. Når det Norad-styrte bistandsprogrammet Olje for utvikling (Ofu) nå skal leggast om, må eit anstendig arbeidsliv og sosial dialog mellom partane i arbeidslivet verte sentrale tema.

Norske erfaringar

I 2005 vart bistandsprogrammet Olje for utvikling (Ofu) etablert. Ofu er basert på samarbeid mellom ulike departement. I tillegg har det sivile samfunn vore ein samarbeidspartnar, og norske og internasjonale sivilsamfunnsorganisasjonar har fått støtte til å drive kapasitetsutveksling. Ifølgje Ofu skal programmet bidra til ei økonomisk, sosialt og miljømessig forsvarleg forvalting av petroleumsressursar i utviklingsland. På heimesidene skriv Ofu at mange år med petroleumsproduksjon har gjeve Norge erfaringar med å forvalte oljeressursane på ein måte som fremjar bærekraftig økonomisk vekst og velferd til folket. Målet er å bistå samarbeidslanda med å forvalte olje- og gassressursane basert på norske erfaringar.

Anstendig arbeidsliv

Fagrørsla er ein stor del av den norske erfaringa, og utan eit anstendig arbeidsliv og sosial dialog mellom partane i arbeidslivet ville den norske oljehistoria sett heilt annleis ut. Kunnskap om dette er avgjerande for å forstå korleis olja har ført til økonomisk vekst og velferd. Likevel nemner ikkje Ofu dette med eitt ord.

Ofu må ta med kapasitetsbygging innan anstendig arbeidsliv og sosial dialog med partane i arbeidslivet dersom dei meiner alvor med at programmet baserer seg på norske erfaringar. Elles er «erfaringsbaseringa» i beste fall berre ein gimmick, i verste fall manglande historieforståing.

I mange år fekk LO og Industri Energi støtte frå «sivilsamfunnspotten» til å drive kompetanseheving i nokre av Ofu –landa.

Fagrørsla som aktør

I dei andre landa har fagrørsla vorte ignorert. I perioden 2016 – 2018 får desse organisasjonane støtte: Natural Resource Governance Institute, Global Witness, Oxfam America, Kirkens Nødhjelp, WWF-Norge og Norsk Folkehjelp. Desse organisasjonane arbeider med tema som er prioriterte i norsk bistand, men Ofu skal fokusere spesielt på dei norske erfaringane, og det som har vore viktig for at Norge har lukkast i å gjera olja til ei velsigning. Har desse organisasjonane, med unnatak av Norsk Folkehjelp som er fagrørsla sin humanitære solidaritetsorganisasjon, kompetanse på dette området? Kvifor har ikkje Ofu sett på fagrørsla som ein aktør som har vore viktig i prosessen med å forvalte oljeressursane på ein måte som fremjar bærekraftig økonomisk vekst og velferd?

Fagrørsla har erfaringar med å organisere oljearbeidarar og heve kompetansen deira, HMS og tryggleik, skattepolitikk og fordelingspolitikk, sosial dialog, forhandling og kollektive avtalar, miljø, og sosial dumping.

Forbanning for folket

Dette er erfaringar og kunnskap som andre land vil ha nytte av. Samstundes som fagrørsla sine erfaringar ikkje har vore anerkjente som viktige i Ofu, står det på Statsministerens kontor sine heimesider at det er høgt prioritert for Norge å bidra til eit anstendig arbeidsliv som fremjar arbeidstakarrettar, jobbskaping og sysselsetjing, og sosial dialog mellom partane i arbeidslivet. Dette bør i høgste grad også gjelde petroleumsrike utviklingsland der naturressursane ofte er ei velsigning berre for ein liten, rik og korrupt elite, og ei forbanning for folket som verken har rettar, lønna arbeid eller påverknad på politikken.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde