Kva skal vi med gymnaset?

20. mars 2017

Fokuset i det norske utdaningssystemet er feil. Dei vidaregåande skulane legg opp til at elevane skal gå vidare på akademiske fag sjølv om samfunnet ikkje har behov for det. Om berre få år vil det være store underskot av fagarbeidarar, arbeidskraft landet vårt treng sårt, skriv forbundssekretær Harald Hageland.

Harald Hageland - forbundssekretær Industri Energi
Forbundssekretær Harald Hageland i Industri Energi

Få alle mine innlegg rett i innboksen

Eg er gammal nok til å ha eit forhold til gymnaset. Oppvaksen i nedre Setesdal, der det endåtil var eit landsgymnas. Ein skule med inngang omkransa av doriske søyler, kjemisal i øvste etasje og gymnastikksal i kjellaren. Tilfeldig? Neppe!

Oppretta for at gåverike bondesøner (og døtre) og skulle få ta del i studentlivet på Universitetet i Oslo eller Bergen, eller på den tekniske høgskulen i Trondheim. Gymnasa var studentfabrikkar, anten dei låg i byen eller på landet. Og deira viktigaste oppgåve var å førebu ungdomen til studiar og akademisk karriere.

Er det annleis i dag?

Gymnasa blei avvikla på 1970-talet og erstatta med allmennfaglige vidaregåande skular. Desse hadde ulike liner som samfunnsfag-, språk- og naturfaglina, med eit lite innslag av gymnastikk. Seinare endringar av den vidaregåande skulen gav oss to hovudgreiner; studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Sistnemnde erstatta det som tidlegare blei kalla yrkesskulen.

Utdanningsdirektoratet si nettside kan ein lese følgande om studieførebuande:

«De studieforberedende utdanningsprogrammene gir deg generell studiekompetanse og forbereder deg til videre studier på universitet eller høyskole. Fra og med Vg2 kan du velge programområder innen formgivingsfag, musikk, dans og drama, idrettsfag, realfag, eller språk, samfunnsfag og økonomi. Dette er det siste og avsluttende året på studieforberedende. Med godkjent vitnemål fra Vg3, kan man søke seg inn på høyere utdannelse.»

Wikipedia omtaler det gamle gymnaset slik:

«…et høyere skoleslag som kvalifiserer for opptak til høyere utdannelse.»

Ikkje mykje nytt, altså.

Eit samfunn i endring

Statistisk Sentralbyrå lagar årvisse framskrivingar av kva ein ser for seg av behov for utdaning og arbeidskraft. I 2025 antar ein at samfunnet har eit underskot på 30.000 bygg- og anleggsfagarbeidarar, 35.000 innan pleie- og omsorgsyrka, 30.000 lærarar, medan ein vil ha eit overskot av drygt 60.000 med utdaning innanfor økonomiske og administrative fag.

Ein ser at samfunnet treng praktikarar, i tillegg til dei som skal undervise desse fram mot fullverdig kompetanse. Det er ei stor underdekning av fagarbeidarar og utdaningssystemet klarer ikkje å levere den kompetansen som trengst.

Av elevane som vel yrkesfaglege utdaningsprogram, vil om lag 40 – 50 prosent slutte. Mange av dei seier at dei teoretiske krava er for høge. Likevel viser nyare forsking frå NTNU at elevane på yrkesfag har større og meir realistiske forventningar til skulen, skriv avisa Klassekampen.

Elevane meiner dei får sterkare emosjonell støtte frå lærarane enn på ungdomsskulen og eigeninnsatsen deira går opp. Elevane på studieførebuande liner seier det motsette og deira innsats er uendra. Den indre motivasjonen går opp fordi elevane liker det dei held på med. Det fører også til at dei skulkar mindre enn tidlegare.

Trass i dette, er fråfallet høgt blant yrkesfagelevane. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at kvar tredje elev som søker læreplass, får avslag. I slike tilfelle får elevane rett til å fullføre fagbrevet i skolen, men halvparten droppar ut.

Barnelærdomen

Det er relevant å stille spørsmål om korleis læringa i skulen skjer og korleis det burde være. Ungar begynner på skulen det året dei fyller seks år. Dei får ein pult dei skal sitte ved, dei får ei bok dei skal skrive i. Dette skal dei så gjere i 12 år. Er dette ein god måte å lære ungane å lære på, eller er det berre er ein måte å førebu dei, år etter år, på å bli ein eitt år eldre elev – og etter kvart student?

I Sogn og Fjordane har dei eksperimentert med leik. Elevane leikar matematikk, spring verbstafett med bøying av engelske verb og har fått oppgåver om kor mykje maling som trengst, når klasseromet skal pussast opp. Alexander Kielland skreiv om ein fordummande skule i romanen Gift, Jens Bjørneboe om fordummande lærarar i romanen Jonas. Hovudpersonane Marius og Jonas fungerte dårleg i den einsretta skolen, men hadde fantasi, empati og (i byrjinga) sosial kompetanse. Dei hadde truleg blitt drop-outs i dagens skule og. Men i ein leikande og lærande praktisk skole hadde dei kanskje blitt morgondagens ingeniørar eller matematikklærarar.

Morgondagens skule

Framtida er alltid vanskeleg å spå, men eg vonar at heile skuleløpet frå eleven er seks år og til han/ho avsluttar i 18-årsalderen blir meir praktisk innretta. Vi treng ikkje fleire byar i Belgia (jamfør Gift), men vi treng elevar som veit korleis ein by blir til, korleis byplanar blir laga og kva som gjer ein by til ein by. Vi kan starte med å avvikle tanken om studentfabrikkar og i staden gi elevane ein hammar, skiftenøkkel eller saks. I andre enden får vi ut ein ingeniør som kan skifte slange på eigen sykkel, vi får ein norsklærar som kan lage sin eigen mat, vi får ein filosofiprofessor som høgg sin eigen ved og vi får fleire foreldre som set evnen til å mestre dagleglivets praktiske problem høgare enn å analysere situasjonen for så å sende problemløysinga ut på anbod.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Harald Hageland - forbundssekretær Industri Energi

HaraldHageland

Harald Hageland er forhandler i Industri Energi, og har mange års fartstid som tillitsvalgt og verneombud.
Flere artikler avHarald