Økonomisk kriminalitet: Regjeringa, gjer som trollet! Ta den største bukken Bruse!

29. mars 2017

Me likar å tru at Norge er eit førebilete for andre land. At problem med kvitevasking, sosial dumping og mafia er noko som skjer i det store (stygge) utlandet. Men me har mykje å rydde opp i vår eigen bakgard òg, meiner internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte.

Amalie alvorlig
Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte

Få alle mine innlegg rett i innboksen

I mange av dei landa Industri Energi har samarbeidsprosjekt er det stor skilnader på fattig og rik, og fagrørsla kjempar ein tøff kamp for rettferdig fordeling. I Norge er heldigvis skilnadane relativt små, sjølv om tendensen er at dei rike vert rikare og fleire og fleire born veks opp i fattigdom.

Trass i at oppgåva mi er å skrive om internasjonale saker, vil eg i dette innlegget ta utgangspunkt i det som skjer i Norge. Eg kjem tilbake til det internasjonale etter kvart.

Flyktningane og skatteflyktningar

Er det slik at ein i Norge heller sparkar nedover på dei som er svakare enn å fokusere på rettferdig fordeling? Sparkar ein på flyktningar, navarar, unge på veg inn i arbeidsmarknaden, og utanlandske og papirlause arbeidarar i byggebransjen heller enn å ta dei tøffe kampane? Det kan diverre sjå slik ut.

I dei seinare åra har einskilde politikarar og media ført ein retorikk der flyktningar og innvandrarar vert framstilte som trugslar mot velferdsstaten. Det har vorte sett opp reknestykke på kor mykje flyktningane vil koste oss. Til dømes: «Den direkte mottakskostnaden pr. flyktning over fem år er én million kroner pr. person, altså 8 milliarder kroner totalt, viser beregninger fra Justis- og beredskapsdepartmentet», står det å lese på nettstaden Hegnar.no.

Som eg har skrive tidlegare; eg er meir redd for kostnaden av alle skatteflyktningane enn krigsflyktningane. Skatteetaten har dei siste tre åra funne meir enn ni milliardar kroner som norske investorar skulle ha skatta av, skriv Dagens Næringsliv. Og det er berre det dei har funne. Truleg finst det store mørketal! Finansdepartementet kunne ha gjort det vanskelegare å gøyme vekk pengar i skatteparadis då dei gjorde endringar i forskrifta om land-for-land-rapportering (LLR) i desember 2016, men valde å ikkje gjera det.

Navarar og kvitsnippsvindel

I byrjinga vart omgrepet navar brukt om ein person, gjerne ein ungdom, som heva trygd for å ta eit friår frå skule eller jobb. Nå vert det ofte brukt om dei som svindlar til seg trygd. Navarane har fått mykje merksemd, med negativt forteikn.

«Definisjonen er egentlig en person som lever på nav fordi han/hun har vondt i vilja og ikke gidder jobbe. Altså folk med lav moral, selvsentrert og giddalaus, synes det er helt greit å leve på litt penger fra nav bare de slipper å jobbe selv. Men nå blir ordet misbrukt veldig, og for mange brukes det for å «mobbe» uføre, arbeidsledige osv som helt uforskyldt en periode av livet mottar penger fra nav», skriv ein anonym superbruker på alt-muleg-nettstaden Klikk.no

Nav har meldt hundrevis av personar til politiet for trygdesvindel. Arbeidsministeren har uttalt at ho vil gjera Nav-svindlerane utrygge.  I 2015 var trygdesvindel anslått til å vera 10 milliardar kroner. Forskarane Petter Gottschalk og Lars Gunnesdal har rekna ut at kvitsnippkriminelle står for økonomisk kriminalitet tilsvarande 12 milliardar kroner i året. Dette er eit forsiktig estimat, og det kan vera snakk om 50 milliardar. Kvitsnippkriminelle er med andre ord eit mykje større samfunnsproblem enn trygdesvindel. Justisministeren bør uttale at kvitsnippkriminelle skal føle seg utrygge. Diverre er det forsvinnande små sjansar for at dei skal verte tekne.

Oppmjuking av arbeidsmiljølova - den norske modellen og konkurransefortinn i fare

«Ei oppmjuking», kalla dåverande arbeidsminister Robert Eriksson det då han endra Arbeidsmiljølova i 2015. Endringane skulle gje større fleksibilitet til arbeidarane og få fleire inn på arbeidsmarknaden.

Du kan spørje unge arbeidarar i bemanningsbransjen kor fleksibelt dei har fått det. På Manifest Årskonferanse fortalte Industri Energi-medlem Lone Stormoen korleis ho hadde det som nyutdanna elektrikar. Ho måtte kjøpe både verneutstyr og verktøy sjølv og fekk ikkje betalt for overtid. Etter fri-perioden reiste ho tilbake til ein jobb som ho på mange måtar hata. Ho måtte tilbake for å unngå å få hòl i CV-en. Fleksibelt?

Oppmjukinga av Arbeidsmiljølova er ikkje berre uheldig for dei arbeidarane det gjeld. Det er også uheldig for samfunnet. Færre faste tilsette og meir utskifting er ikkje bra for det gode samarbeidet det ofte har vore mellom leiinga, tillitsvalte og tilsette. Det er heller ikkje bra for det me kallar den norske modellen der samarbeid mellom partane i arbeidslivet har ført til samstemte løysingar. Dette samarbeidet har vore eit konkurransefortrinn i Norge, og nå står det i fare.

Mafia og uverdige tilhøve i bygg- og anleggssektoren

I dag er dei største bemanningsbyråa mykje større arbeidsgjevarar enn dei største entreprenørane i bygg- og anleggssektoren. Denne sektoren er prega av uverdige arbeidstilhøve og ifølje regionalt verneombod i Oslo vaskar polsk- og litauisk mafia og kriminelle motorsykkelklubbar pengar i denne bransjen, skriv Dagsavisen.

Eit raskt googlesøk viser at dette ikkje er noko nytt fenomen. For 15 år sidan åtvara leiaren i Grenland Bygningsarbeiderforening  om mafialiknande tilhøve i byggebransjen, skreiv NRK. Sidan har det altså gått frå vondt til mykje verre.

Eit globalt samfunnsproblem

Me må vel kunna kalle denne utviklinga eit samfunnsproblem. Eit globalt samfunnsproblem. Skatteflukt skader alle land, men særleg fattige land. Verdien av ulovleg kapitalflukt frå Afrika er ti gonger høgare enn verdien på den samla u-hjelpa. Pengane kunne ha vore brukte til kampen mot svolt, sjukdom og fattigdom.

Økonomisk kriminalitet og kvitsnippkriminalitet er eit enormt problem. I talen til Europarådets korrupsjonskonvensjon av 1998 heiter det at «korrupsjon truer rettsstaten, demokratiet og menneskerettighetene, undergraver godt styresett, billighet og sosial rettferdighet, vrir konkurransen, hindrer økonomisk utvikling og utgjør en fare for stabiliteten i demokratiske institusjoner og samfunnets moralske grunnlag». Denne skildringa har ikkje gått ut på dato.

Mangelfulle arbeidsmiljølover og dårleg handheving er eit problem fagrørsla over heile verda slit med. Det same er sosial dumping og mafia-kontrollerte arbeidsplassar (fagrørsla står nemleg ikkje høgt i kurs hjå mafiaen).

Når me i Norge, som ligg i verdstoppen i demokrati og egalitet, og har ei sterk fagrørsle,  ikkje ordnar opp i dei strukturelle problema, korleis skal me kunne forvente at andre skal klare det?  Brett opp ermane, Norge! Gå føre som eit godt eksempel. Ta tak i problema og snu denne utviklinga. Lag lover som hindrar skatteflukt, prioritér kampen mot kvitsnippkriminelle, styrk arbeidsmiljøloven, ta kampen mot sosial dumping og useriøse bemanningsbyrå. Ikkje gå etter den minste bukken Bruse. Ta heller broren. Han er større og sterkare, har ein dyr advokat, kan ta eit par telefonar til folk i systemet og veit kor du bur. Men ta han likevel.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde