Skal berre søkkrike asylbaronar drive mottak i Norge?

4. mai 2017

Eit tak over hovudet er ikkje garanti for integrering. Stortinget må følgje opp Integreringsmeldinga og sørgje for at ideelle, frivillige organisasjonar i større grad får vere med og drive asylmottak.

Amalie alvorlig
Internasjonal rådgjevar Amalie Hilde Tofte i Industri Energi

Få alle mine innlegg rett i innboksen

Eit asylmottak er ein stad asylsøkarar som ventar på svar, eller har fått svar, på søknaden sin bur. Kor lenge ein vert verande i mottak varierer. På til dømes Jølster mottak, som snart skal leggjast ned, har einskilde budd sidan 2010.  Eit mottak kan med andre ord vera heimen din for ein lang periode.

Eit samla Storting har ønska ei tredeling av asylmottaksdrifta mellom private, kommunale og ideelle aktørar. I  Integreringsmeldinga frå mai 2016 står det at «UDI skal aktivt oppfordre kommuner og frivillige organisasjoner til å etablere og drive mottak, og skal innenfor rammene av regelverket legge til rette for at disse aktørene kan være driftsoperatører for mottak.»  I 1990 var 12,5 prosent av asylmottaka drivne av kommersielle aktørar. I dag har dei kommersielle 70 prosent av marknaden.

Meir enn tak over hovudet?

Å drive asylmottak i Norge kan vera «big business». 2015 vart eit rekordår for asylbaronane, og einskilde aktørar kunne ta ut millionar i utbytte. Det året kom omlag 30.000 flyktningar og asylsøkarar til landet, og mottak måtte setjast opp i full fart.  På det meste dreiv kommersielle aktørar 280 mottak. Standarden på mottaka varierte. Ei undersøking gjort av SINTEF Byggforsk og NTNU avdekka problem med dårlege butilhøve. Aviser refererte til undersøkinga med overskrifter som: «Gamle institusjonsbygg, moteller, industrianlegg og rivningsobjekter er blitt boliger for asylsøkere » og  «Ingen andre kunne budd her».

Dårleg standard og dårleg integrering

Jeg mener det skal være nøktern standard på asylmottak. Jeg vil tro at de fleste som er reelle flyktninger vil være fornøyd med standarden på norske asylmottak siden det viktigste for dem må være å få trygghet fra krig og konflikt, sa innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug til VG 30.juni i fjor.

Men forsking viser at dårleg standard på mottaka faktisk har fleire negative følgje. Undersøkinga til SINTEF Byggforsk og NTNU viser at dårleg bu-standard blant anna kan føre til psykiske og fysiske plager. Forskarane meiner også at det er kultur i samfunnet vårt for å akseptere låg standard på mottaka, og at dårleg bumiljø motverkar integreringa i samfunnet. Argumentet er at låg standard, trange bustadar og dårleg vedlikehald signaliserer at asylsøkarane er mindre verdifulle enn andre samfunnsgrupper, noko som kan oppfattast som ekskluderande.

Dei ideelle aktørane er viktige

Dei ideelle, frivillige organisasjonane sitt fortrinn som driftsoperatør ligg i eit verdigrunnlag som gjev gode føresetnadar for å møte bebuarar med respekt, møte behova deira og vera talsmenn og pådrivarar i høve til styresmaktene. Norsk Folkehjelp har eit frivilligapparat. Frivillige som kvar dag står på for å styrkje velferda på mottaka, bidreg til integrering og som skaper ei bru mellom mottak og samfunnet elles. Dette går tapt når dagens politikk tvinger dei ideelle, frivillige aktørane ut av mottaksdrifta.

Private aktørar kan ta utbytte, og mange har irritert seg over asylbaronar som har tent seg søkkrike på asylmottak. Også dei to ideelle aktørane Norsk Folkehjelp og Stiftelsen Sana hadde overskot i 2015, på om lag 20 og to millionar kroner. Ved overskot på mottaksdrifta går pengar tilbake til samfunnsnyttige formål, og ikkje i lommene på eigarane.

Utradering av ideelle aktørar

Innvandrings- og integreringsminister Listhaug har uttala at ideelle organisasjonar skal drive mottak, men berre dersom kostnadane er så låge som muleg. Men ideelle aktørar er ikkje villege til å drive mottak som berre har som formål å gje tak over hovudet. Ideelle aktørar driv mottak som del av det humanitære arbeidet. Anbodssystemet undergrev målet om å ha dei med. Anbodssystemet fokuserer på pris og ikkje kvalitet. Manglande kvalitetskrav frå UDI har ført til at Norsk Folkehjelp oppretta eigne krav. Ofte er det umogeleg å oppretthalde dei kvalitetskrav og konkurrere på pris med private, kommersielle aktørar.

Nedlegging av mottak

I dag er 65 millionar menneske på flukt i verda, men asylmottak står tomme her heime og mange vert lagt ned. Norsk Folkehjelp er snart nede i  fire mottak. Kvalitet vert ikkje vektlagt når UDI bestemmer kva mottak som skal leggast ned. Ikkje verdigrunnlag eller kompetanse heller. Kompetanse opparbeida gjennom snart 30 år med mottaksdrift kan nå gå tapt. Det same gjeld bredeskapsevna ved ei ny stor asylbølje.

Kvalitetsmottak er bra for integreringa

Dersom Stortinget verkeleg meiner at ideelle aktørar også skal drive asylmottak, må UDI leggje til rette for det. I dag er det ikkje kvalitetskrav for verken bygg eller innhald på mottaka. Å legge til rette for tideleg innsats slik at dei menneska som får søknadane sine godkjente også vert integrerte og ein del av samfunnet, er ein betre strategi enn å fylle lommene til asylbaronane. Og kanskje vert det også billigare på sikt. Lik og del, som ein viss minister skreiv på Facebook, dersom du er einig.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde