Kampen for faglege rettar er ein kamp for menneskeverd

12. juni 2017

Folk flest er imot moderne slaveri og menneskehandel, men det er vanskeleg å unngå produkt som er produserte av ufrie arbeidarar. Det viktigaste fagrørsla kan gjere er å stå opp for desse menneska.

Amalie alvorlig
Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi

Få alle mine innlegg rett i innboksen

Dette innlegget vart først publisert av Dagbladet

Eg trudde eg skulle få nyte vinen med godt samvit. Eg hadde leita i hyllene på Vinmonopolet og funne fram til ei flaske som var merka med Wieta. Det er eit merke som skal garantere at vinen er produsert på ein etisk forsvarleg måte. Overraskinga var stor då eg såg NRK-dokumentaren «Bitre druer» og innsåg at vinen faktisk var produsert av arbeidarar som ein kan karakterisere som moderne slavar.

På vingardane i Sør-Afrika bur arbeidarane kummerleg. Dei manglar nødvendig verneutstyr og vert utsette for farlege kjemikaliar. Dei står i fare for å miste hus, heim og arbeid dersom dei klagar eller organiserer seg. Løna er låg og delvis basert på hudfarge. Heldigvis har arbeidarane fått hjelp frå det unge fagforbundet Commercial, Stevedoring, Agricultural and Allied Workers’ Union (CSAAWU).

CSAAWU har førebels stått bak to store streikar. Den eine var i september i fjor i regionen Western Cape, der om lag 200.000 personar jobbar på vingardar. Då streika 220 arbeidarar på gardar som er eigde av selskapet Robertson Winery. Streiken varte i 14 veker og arbeidarane vann fram med nokre av krava sine. CSAAWU fekk hjelp frå partnarorganisasjonen The Trust for Community Outreach and Education med å gje familiane til dei streikande mat og andre nødvendigheiter.

Innsatsen til det unge fagforbundet vart lagt merke til av Fellesforbundet som nominerte CSAAWU til Arthur Svenssons internasjonale pris for faglige rettigheter. Dette er ein pris som er oppretta av forbundet Industri Energi for å heidra dei som i særleg grad fremjar fagorganisering og faglege rettar. Den 15. juni kjem generalsekretær Trevor Christians til Oslo for å ta imot prisen. Håpet er at den internasjonal merksemda og prispengane på 500 000 kroner vil vere til stor hjelp i det vidare arbeidet med å organisere arbeidarar og forsvare rettane deira.

Ufri arbeidskraft finnest over alt, i alle sektorar og alle bransjar. I følgje Store norske leksikon er slaveri en betegnelse på et system der en gruppe mennesker står i eiendomsforhold til andre på en slik måte at de betingelsesløst kan utnyttes. «Moderne slaveri» vert bruk om slaveri, menneskehandel og tvangsarbeid i dagens samfunn. Moderne slavar er, på same måte som slavar før i tida, fråtekne grunnleggande rettar. Moderne slaveri er big business, og berre våpen og narkotika er større innan den illegale økonomien. ILO sitt anslag er at slaveri genererer 1275 000 000 000 kroner i året.

Ifølgje FN-sambandet er det fleire slavar i dag enn nokon gong tidlegare i historia. ILO meiner at meir enn 20 millionar menneske er offer for menneskehandel og tvangsarbeid, medan stiftinga Walk Free Foundation hevdar i forskingsrapporten 2016 Global Slavery Index at så mange som 45,8 millionar er offer for moderne slaveri. Ein ting er sikkert; det er mange gråsoner og store mørketal.

Flest slavar finnest det i India, Kina, Pakistan, Bangladesh og Usbekistan. Og då tenkjer kanskje du at dette ikkje har noko med deg å gjere. Men sjå på lista av land ein gong til. Kor er kleda, mobiltelefonen, i-paden og TVen din produsert?

Likar du å sjå på fotball? Fleire kjelder hevdar at fotballarenaane i Qatar, som vert bygde til fotball-VM i 2022, vert bygde på blod. Talet på arbeidarar som har døydd under arbeidet er usikkert, men ITUC (International Trade Union Confederation)har samla inn informasjon som viser at rundt 7.000 vil døy før avspark.

Norge kjem på lista over dei landa der det er minst slaveri. Norge har ratifisert ILO-konvensjon 29 om tvangsarbeid og slutta seg i 2015 til tilleggsprotokollen. Men, det er menneskehandel og slaveri i Norge òg. Underbetalte, overarbeidde og utnytta arbeidstakarar, kanskje utan identitetspapir, som ikkje tørr å melde frå til politiet. Du kan finne slavar i bygg- og anleggsektoren, helsesektoren, butikkar, vaskehallar, og i heimane til folk.

Å avskaffe slaveri vil sjølvsagt vera bra for dei menneska som er utsette for det, men det er òg bra for dei selskapa og bedriftene som tek ansvar for eit anstendig arbeidsliv, og som taper konkurransen mot selskapa som utnytter andre menneske på det verste. Det er òg bra for norske arbeidstakarar som ikkje kan konkurrere på løn med dei som vert utnytta eller tvinga til å arbeide gratis.

Så lenge det er bedriftseigarar og selskap som er villege til å utnytte menneske på det grovaste for å tene pengar, vil det eksistere uverdige arbeidstilhøve, menneskehandel og slaveri i verda. Fancy ord som corporate social responsibility, fair-trade og best practice fører ikkje automatisk til anstendige arbeidsliv. Det er krav frå organiserte arbeidarar som kan tvinge gjennom endring. Sjå på dei sørafrikanske vinarbeidarane. Saman fremjar dei krav. Saman går dei til streik for å få krava innfridde. Saman er dei sterke.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies. Amalie bloggar om internasjonalt samarbeid.
Flere artikler avAmalie Hilde