Slik får du ein god start på studenttida!

15. august 2017

I desse dagar ventar eit nytt liv for mange tusen unge menneske i Norge. Livet som student handlar ikkje berre om tida på skulebenken. Det er mykje du må tenke på som student. Eg har laga ein overlevingsguide for korleis du kan takle det nye tilværet.

Michal Jan, profilbilde
Michal Jan Warecki er leiar av Industri Energi Student.

Få alle mine innlegg rett i innboksen

Først og fremst: gratulerer med studieplassen din! No startar studentlivet. Er du klar?

For mange er dette dei beste åra i livet. Likevel kan overgangen til studenttilværet vera vanskeleg. Du kjem i eit heilt nytt miljø, kanskje er det til og med fyrste gongen du flyttar heimafrå. For å lette på denne overgangen har eg laga ein oppstartsguide for deg, som eg hadde ønskt nokon hadde laga for meg då eg vart student.

Tips 1. Ver med!

Både på fadderveka og etterfesten.

Som student er det særs sannsynleg at du flyttar til ein ny by. Uansett om du er heilt ny, eller allereie har venar her, bør du bli med på fadderveka og melde deg inn i studentorganisasjonar. Fadderveka er eit herleg høve til å bli kjent med dei du skal studere saman med og andre studentar frå ulike utdanningar og årskull. Dei du blir kjent med i løpet av fadderveka blir sannsynlegvis dine vener gjennom heile studieløpet, og vil hjelpe deg med å vera ein motivert student.

Du vil òg bli betre kjent med studiebyen din. Fadderane veit om dei beste plassane å henge, staden med det billegaste ølet og den beste nattmaten – eller den mest romantiske restauranten, der dama eller gubben blir sjarmert, samtidig som du held deg til studentbudsjettet.

I frivillige organisasjonar og studentforeiningar kan du utvikle dine interesser, og treffe enda fleire kjekke folk. Kanskje studerer du mattematikk, men vil drive med teater på fritida? Det finst heilt sikkert ei teatergruppe på studieplassen din. Gjer det ikkje det, er det berre å opprette ei – nokon brenn sikkert for det same som du og vil bli med!

Tips 2. Hald styr på økonomien din!

Mangel på pengar vil dessverre prege studentkvardagen. Det hjelper sjølvsagt om du har nokre sparepengar, deltidsjobb eller får hjelp frå foreldre, men budsjettet ditt vil framleis vera stramt. Last ned LOfavør sin studentbudsjett-app for å få ei peikepinn på kor god råd du har. Hugs å samle på kvitteringane, og før rekneskap. I 2017 finst det utallege nettsider og appar som vil hjelpe deg med det. Ver nøye med å sjekke om stadane du går til har studentrabatt, og ver på utkikk etter «happy hours». På www.lofavor.no får du oversikt over kva andre rabattar du får som LO-medlem.

Her kan du melde deg inn som medlem i Industri Energi Student

Tips 3. Lær smart!

Det er ikkje meininga å skremme deg, men hugs også å ta studia på alvor! Karakterane dine får ofte mykje å seie for livet ditt dei fyrste åra etter at du er ferdig på skulebenken. Derfor er det verd å gjera ein innsats, og det treng ikkje gå utover sosiallivet ditt. Tenk over korleis du lærer best! Er det ved å sitte aleine på ein stille lesesal? Eller ved å diskutere pensum saman med andre i ei kollokviegruppe?

Faste rutinar er å tilrå. Det vil hjelpe på å halde motivasjonen oppe. Sjølv om du kanskje vil ha ei uoversiktleg timeplan, er det best å ha faste tider du bruker på å lesa kvar dag. Studia vil trass alt til å vera heiltidsjobben din dei neste åra.

Tips 4. Organiser deg!

Sjølv om du er student, gjer du smart i å organisere deg! Mange studentar opplever å bli utnytta som arbeidskraft, ofte i form av mangelfulle arbeidskontraktar eller manglande overtidsbetaling. Studentmedlemskapet i Industri Energi kostar berre 10 kroner i månaden. Frå oss får du hjelpen du treng på arbeidsplassen, uansett kva deltidsjobben din er. Du har også rett på 10 timar gratis rådgiving, som du til dømes kan bruke på å få leigekontrakta di lese av ein jurist, eller få hjelp til å skrive ei sambuarkontrakt. Vi held òg kurs i arbeidsrett, studieteknikk, ølbrygging og mykje anna ved ulike lærestader.

Vi har Skandinavias beste innbuforsikring, som sikrar innbuet ditt både i og utanfor huset. Alt dette inngår ein kontingent på 10 kroner i månaden – og alle studentar er velkomne som medlem!

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg