Samhandlingsskulen – eit fortrinn for næringslivet

17. oktober 2017

Dei som gjekk føre oss var kloke. Eit av dei klokaste grepa dei gjorde var å organisera fellesskulen – eller samhandlingsskulen som eg tykkjer er vel så treffande.

Are Tomasgard
LO-sekretær Are Tomasgard

Eg har lyst å peike på nokre perspektiv om nettopp fellesskulen som samhandlingsskule:

Evna vår til å henta inn, forstå og ta i bruk kunnskap er avgjørande for at vi skal lukkast med det såkalla grøne skiftet. Eit skifte eg trur i stor grad vil handla om digitalisering og robotisering. Men utviklinga vil ikkje koma av seg sjølv. Ei god utvikling krev eit samfunn som evnar å både regulere og fordele. Å utvikla og drifta ny teknologi er ein annan faktor som er nødvendig. Ny teknologi krev nye organisasjonsformer og endra informasjonsflyt. Dersom arbeidstakarane er i stand til å samarbeida, evnar vi også å handtera stadig meir komplekse maskiner og metodar.

Å kunne samhandle er faktisk minst like viktig som tilgangen på naturressursar dersom vi skal lukkast i å nytta ressursane på ein berekraftig måte.

Samhandlingsevne som fortrinn

FotoKnut BirkelandNVIM
Odda barneskule. Foto: Knut Birkeland/ Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Samhandlingsskulen er etter mitt hovud eit komparativt fortrinn i seg sjølv – og som kjem god med når vi skal utnytta andre fortrinn,

Samhandlingsevne gir auka produktivitet og utviklingsevne i næringslivet. Det løfter heile det norske arbeidslivet!

(Komparative fortrinn kan skildrast som evna til eit bestemt land for å produsere eit bestemt produkt betre enn eit anna land.)

Sjølve grunnprinsippet i den norske grunnskulen er at borna går saman på ein felles skule.

Det at vi går på dei same skulane uavhengig av storleiken på lommeboka til foreldra, kjønn, hudfarge eller andre ulikskapar, gjer at vi heilt frå seksårs alderen vert trena i samhandling. Vi vert trena i å respektera kvarandre og det kvar og ein av oss har med seg inn i fellesskapet.

Vi samhandlar på kryss og tvers – og vi blir vane med å gi kvarandre beskjeder når noko ikkje fungerer. Vi jublar i flokk når gruppa vi tilhøyrar vinn quizen…

Norske arbeidstakarar har svart belte i samhandling

I ti år vert vi trena i samhandling. Gjennom heile grunnskulen, og nokon også i enda fleire år gjennom vidaregåande skule og høgare studiar.

Det er faktisk få område norske kvinner og menn vert trena så mykje i som nettopp det – samhandling med andre menneske i aktivitet og oppgåveløysing. Norske arbeidstakarar har svart belte i samhandling, noko som sjølvsagt gir oss stor slagstyrke og rekkevidde.

For som dei seier på det norske langrennslandslaget: «Det vi trenar mykje på, vert vi også gode på»

Sjølv i ein individuell idrett som langrenn, oppleve utøvarane frå Noreg stafettgulla som dei gjævaste medaljane.

Når norske arbeidstakarar kjem saman på arbeidsplassen etter avslutta utdanning, så samhandlar vi «vilt og uhemma» – på kryss og tvers av utdanning, profesjon, kjønn, alder eller andre ulikskapar. Vi seier i frå til kvarandre med ein gong, uavhengig av titlar og formelle strukturar.

Samhandlingsperspektivet påverkar sjølvsagt også forståinga av at verdien av arbeidet må verdsettas på ein rettferdig måte – og at lønsskilnadane ikkje skal vera veldig store. Vi aksepterer ikkje at nokon får lågare løn for same jobben. Samhandling gir grobotn for rettferdig fordeling!

Evna til fordeling er lik evna til å bygga velferd

I andre land, er gjerne innbyggjarane ikkje er like godt trena i samhandling som vi er her i Noreg.

Nokre stader fordi borna til dei rike har gått på privatskular, medan borna til dei med mindre å rutta med har gått på offentlege skular. Andre stader fordi jentene har gått i jenteklassar, medan gutane har gått i guteklassar.

Når innbyggjarane veks opp med ulikskapar som skiljer, og med ei forståing som tilseier at alle ikkje har lik verdi: Då skil også lønsnivået seg mykje når dette slår over som haldningar i arbeidslivet.

Samhandling motiverer rettferd

Vi kan lesa om leiarløningar som er ufatteleg mykje høgare enn kva som er tilfelle i Noreg. Og vi kan lesa om minsteløner som opprørar oss – og som vi skjønar ikkje er høge nok for å holda eit hushald gåande, sjølv i land med langt lågare kostnadar.

Samhandlingsskulen er framtidsretta

Evne til samhandling gir oss betre grunnlag til å skapa både verdiar og sysselsetting basert på nye teknologiar, nye metodar og ny kunnskap. I ei tid med stadige endringar vert evne til samhandling enda viktigare.

Eg trur vi i alt for lita grad er medvitne på kor viktig fellesskulen i Noreg er. Fellesskulen er ein av dei viktigaste føresetnadane for evna til samhandling i samfunnet vårt. Det må vi forstå!

Slå tverrpolitisk ring rundt fellesskulen!

Heldigvis har det i stortinget vore fleirtal for å halda på denne måten å organisera skuleverket på, men vi ser og ein auke av privatskular under den sitjande regjeringa frå Høgre og FRP. Ein skal ikkje driva privatiseringa så mykje lenger før vi kan få ei oppsplitting av skulen som fører til at samhandlingsevna blir svekka. Privatisering av skuleverket er vegen til eit samfunn som skil dei som har råd til å senda borna sine på privatskular og dei som ikkje har råd. Ei slik utvikling vil føra til ei forvitring av fellesskulen og eit angrep på samfunnet si evne til samhandling, fordeling og ikkje minst kva vi legg i ordet rettferd!

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Are Tomasgard

AreTomasgard - gjesteblogger

Are Tomasgard sitter nå i LOs ledelse. Han har tidligere vært spesialrådgiver i Industri Energi.
Flere artikler avAre