Ønskjer du å gjere Lånekassa betre? Meld deg inn i fagrørsla!

1. desember 2017

30 prosent av studentane jobbar så mykje at det går utover deira prestasjon i utdanninga. Det nyttar ikkje å løyve milliardar til institusjonane for høgare utdanning så lenge studentane ikkje har råd til å konsentrere seg om studia sine.

Michal Jan Warecki
Michal Jan Warecki er leiar av Industri Energi Student. Foto: Linn Olsen

Få alle mine innlegg rett i innboksen

Dette innlegget er også publisert av Fri fagbevegelse

Lånekassa er ein populær 70-åring og er mykje av grunnen til korleis Noreg var bygd opp att etter andre verdskrig. Men ordninga er ikkje perfekt. Studentar i dag treng betre støtte dersom dei skal kunne byggje landet vidare. Høgare utdanning anno 1946 var ikkje som ho er i dag. Den gong var mange ungdomar stengde ute frå å ta lengre utdanning. Dei hadde rett og slett ikkje råd til det. Samtidig trong landet både dyktige fagarbeidarar og ingeniørar. Difor galdt det å opne dørene til universitet og høgskular for alle dyktige ungdomar. LO-kongressen vedtok at «alle skal ikke bare ha rett, men og høve til å få den utdanning deres evner og anlegg gir dem krav på, slik at samfunnet får full nytte av alle krefter i folket.» Allereie året etter, i 1947, vart Statens lånekasse for høgare utdanning oppretta.

Etterpå har fagrørsla heile tida jobba for å gjere Lånekassa betre for studentane. I 1947 var studiestøtta berre eit lån på to tusen kroner i året, «stipend» var eit framandord og krava for å få støtte var strenge. Studiestøtta gjaldt òg berre for høgare utdanning. Seinare vart støtta utvide til å òg gjelde for vidaregåande skolar. Kvart år har fagrørsla og studentrørsla stilt høgare krav til studentvelferd, og seinast i 2015 vann vi ein viktig siger da 11-månaders studiestøtte vart vedteke.

Start i arbeidslivet utan tyngande gjeld

Noreg er i ei særstilling. At nyutdanna personar endar opp med studielån på fleire millionar kroner er ikkje uvanleg i andre land. Berre sjekk ut den franske dokumentaren «Når utdanning blir ei vare», som er tilgjengeleg på heimesida til NRK. Soga om Lånekassa er ei suksesshistorie. Takka vere denne ordninga har nesten 300.000 råd til å studere i Noreg i dag – utan å få ei enorm gjeld som fersk arbeidstakar. Lånekassa og andre tiltak for studentvelferd er òg forskjellen på studentkvardagen i Noreg og mange andre land, som til dømes USA, Storbritannia eller Tyskland – land som elles ikkje er så ulike landet vårt.

Målet om heiltidsstudenten

Lånekassa er altså ei populær og vellukka ordning. I Norge kan det vere freistande for dei politiske partia å ta æra for ordninga, men vi må hugse på at desse tiltaka var det LO og ei samla studentrørsle som pressa fram. Samtidig er ikkje kampen for gode studievilkår over! Det er mange som er samde i at å studere er ein fulltidsjobb. Diverre er vi framleis langt unna målet om heiltidsstudenten. Så mange som 80 prosent av norske studentar jobbar ved sida av studia. Studenthybel, pensum, straum og så vidare kan raskt velte ei studentpengebok. 30 prosent av studentane jobbar så mykje at det går utover deira prestasjon i utdanninga. Det nyttar ikkje å løyve milliardar til institusjonane for høgare utdanning så lenge studentane ikkje har råd til å konsentrere seg om studia sine. Det er eit stort problem at studentar ikkje klarer å fylgje med i forelesinga fordi dei er trøytte etter nattskift på til dømes 7-eleven.

Lånekassa for 2000-talet

Lånekassa er 70 år, men langt unna pensjonsalder. Ordninga hjelpte til med å bygge landet opp att etter andre verdskrig, og ho tok oss gjennom fleire skifte i økonomien. No står landet og verda ovanfor det grøne skiftet, eit skift vi skal klare med kunnskap og utdanning. Da er det minst like viktig som før at studentar får tryggleik i kvardagen og faktisk har råd til å vere studentar på heiltid.

Difor kjempar vi i Industri Energi og LO for blant anna fleire studentbustader og tannhelseordning til alle. Vi masar på politikarane kvar gong vi møter på dei, vi skriv om utfordringane til studentane til krampa tek oss i svar i høyringar på Stortinget og i kronikkar i aviser og blad. Frå gamalt av er det fagrørsla som har teke denne kampen for oss, men det er avgjerande at vi studentar er med i fagrørsla!

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg