Kven betalar for kjendisgilde i Davos? Mest truleg underbetalte arbeidarar

26. januar 2018

World Economic Forum har sitt årlige møte denne veka. 3000 leiarar frå heile verda skal innom Davos, der agendaen i år er «å skape en felles fremtid i en verden i oppbrudd». Samstundes som eliten drikk sjampanje i Davos, tener 40 prosent av alle tilsette i verda under 1,9 dollar per dag.

Amalie alvorlig
Internasjonal rådgiver Amalie Hilde Tofte

 

I fjor då Børge Brende var utanriksministar, og på veg til Davos, sa han;  «World Economic Forum setter viktigheten av ansvarlig lederskap og økt internasjonalt samarbeid på dagsorden. Behovet for fremtidsrettet ledelse er stort. Partnerskap mellom ledere i privat sektor og myndighetene er nødvendig. Vi må sammen stå opp mot proteksjonisme og enkle løsninger på komplekse problemer.» 

I dag er Brende president i World Economic Forum.

To nye rapportar viser eit ekstremt press på løns- og arbeidsvilkår

Dagen før vår eigen statsminister, Erna Solberg, møtte politikarar, næringslivsleiarar og andre samfunnstoppar i Davos, lanserte den britiske organisasjonen Oxfam rapporten Reward work, not wealth (Premier arbeid, ikkje rikdom), og den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) publiserte statusrapporten for det globale arbeidslivet.

Store selskap presser kostnadane ned og dei rike tener seg enda rikare

I årets rapport skriv Oxfam korleis store selskap påverkar politikken, svekker arbeidstakarrettane og driv eit konstant press for å minimere kostnadane i produksjonen av varer og tenester. Her er nokre dømer:

  • 82 prosent av all ny rikdom som vart skapt i fjor gjekk til den rikaste prosenten av verdas innbyggjarar. Og dei aller, aller rikaste auka inntektene sine mest.
  • 42 ekstremt rike personar eig i dag like mykje som 3,7 milliardar fattige menneske eig til saman.
  • Verdas dollarmillionærar auka formuen si med 762 milliardar kroner mellom mars 2016 og mars 2017. I følje Oxfam kunne ein ha utrydda fattigdomen i verda sju gongar med den summen.
  • Toppleiarane i dei fem største klesmerkeselskapa bruker fire dagar på å tene det same som ein tekstilarbeider i Bangladesh tener i løpet av heile livet.

Ei usikker framtid for ekstremt fattige arbeidarar, arbeidsledige og arbeidarar i utrygge jobbar

ILO-rapporten viser at over 114 millionar av dei som er tilsette har ei inntekt under 1,9 USD per dag, og er dermed definert som ekstremt fattige. På verdsbasis utgjer dette 40 prosent av alle tilsette. ILO forventar at talet på arbeidsledige i 2018 vil ligge på over 192 millionar, og talet på arbeidarar i usikre jobbar, slik som frilanserar og andre sjølvstendige næringsdrivande, vil stige med 17 millionar per år i 2018 og 2019.

Brende, kjem de til å diskutere vår felles framtid?

I følgje Brende sette World Economic Forum ansvarleg leiarskap på agendaen i fjor. Det ser ikkje ut til å hatt noko effekt. Arbeidarar verda over vert utsett for uansvarlege arbeidstilhøve og får ei løn dei  ikkje kan leve av. Kvinner har dei verste, farligaste og dårlegast betalte jobbane. Trass dette skal altså hovudsakeleg mannlege (og rike) politikarar og næringslivstoppar i Davos diskutere vår felles framtid utan at  kvinner og arbeidsfolk er tilstrekkeleg representert.

«Å skape en felles fremtid i en verden i oppbrudd» er diverre ikkje årsaka til at dei 3000 leiarar er i Davos. Davos er ein stad der politikarar og næringslivsleiarar er for å bygge nettverk. For å  stogge påstandar om at Davos berre er ein møteplass for to elitar, er akademikarar og nokre leiarar av ideelle organisasjonar, fagrørsla og frivillige organisasjonar er invitert. For glamouren sin del, får også nokre kjendisar vera med.

Ein økonomi for arbeidsfolk, ikkje rike eigarar, vil få slutt på ulikskapen og den krisa den medfører

Sharan Burrow, generalsekretær i International Trade Union Confederation (ITUC), har kommentert Oxfam-rapporten. Ho meiner at oppskrifta for å reduserte den skeive inntektsfordelinga og sikre anstendig arbeid er enkelt: minimumsløna må vera så høg at ein kan leve av den, arbeidsfolk må ha sosial tryggleik og selskapa må respektere menneskerettane og arbeidstakarrettane.

Partnarskap mellom leiarar i privat sektor og styresmaktene er ikkje løysinga

Styresmakter må vedta lover og skape institusjonar som avgrensar kor mykje utbyte aksjonærar kan ta, som reduserer lønsgapet mellom fattige og rike, og mellom menn og kvinner, og som hindrar skattunngåing. Organisasjonsfridom og  retten til kollektive forhandlingar er grunnleggande føresetnadar. Arbeidarane treng ei kollektiv røyst for å verte høyrt. Regjeringar må handle. Bedriftene må ta ansvar.

Det er vanskeleg å finne politikarar som vågar å reduserer dei rike sin mulegheit til å verte rikare

I mange land verda over tek ikkje styresmaktene grep for å hindre at dei rike vert rikare og det vert ikkje lagt til rette for at vanlege arbeidarar skal få sin del av verdiskapinga. Norge er ikkje noko unnatak. Regjeringa kuttar formueskatten, arbeider mot openheit, ikkje for,  når den fjernar årsmeldingskravet for 300 000 norske aksjeselskap, den prioritere ikkje kampen mot aggressiv skatteplanlegging og skatteparadis og legg til rette for midlertidige stillingar.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies. Amalie bloggar om internasjonalt samarbeid.
Flere artikler avAmalie Hilde