DNO ASA; ein omsynslause profittjeger eller eit ansvarlege selskap?

3. juli 2018

Utviklingsminster Nikolai Astrup har stor tru på at norsk næringsliv er best i klassen på samfunnsansvar. Det norske selskapet DNO har ikkje etterlevd OECDs retningslinjer for ansvarleg næringsliv, FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP), lokale styresmakter eller domstolar i Jemen. Det ser ikkje ut som om det får konsekvensar for selskapet.

bilde-4-dno-jeme2
Ansatte i DNO i Jemen blei sagt opp via SMS og e-post i april 2015.

I mars skreiv utviklingsminister Nicolai Astrup i Dagsavisen  at «vi stiller strenge krav til norsk næringsliv om anstendige lønninger og trygghet i jobben. Verken utviklingslandene eller debatten om utviklingspolitikk er tjent med karikerte fremstillinger av næringslivet som hensynsløs profittjeger».

Dersom Astrup vil unngå framstillinga av norske selskap som omsynslause profittjegerar, må selskap som DNO ASA ta samfunnsansvar og gjera opp for seg når det ikkje lever opp til dei forventningane styresmaktene har til norsk næringsliv.

Gjennomførte masseoppseiing per SMS

I 2015 var det uro i Jemen, og utover våren vart landet utsett for luftangrep frå ein saudi-leia koalisjon.  Oljeselskapa som opererte i landet, innstilte produksjonen.  I april 2015 vart over 80 prosent av arbeidarane ved DNO Jemen sagt opp via SMS og e-post.  Dei tillitsvalde var ikkje informert om masseoppseiinga og hadde ikkje fått informasjon om endringa av drifta. DNO-fagforeininga tok kontakt med leiinga ved DNO Jemen og bad om  å få diskutere masseoppseiinga, men DNO avslo.

Fagforeininga meiner at masseoppseiinga er i strid med arbeidslova og avtalar i Jemen, og at den dermed er ugyldig. Olje- og mineraldepartementet i Jemen har skrive brev til DNO og informert om at DNO ikkje har lov til å gjennomføre masseoppseiing.

Industri Energi klaga inn saka

I november 2016 leverte me i fagforbundet Industri Energi ei klage til Norges OECD-kontaktpunkt på vegne av DNO-fagforeininga i Jemen.

Kontaktpunktet si hovudoppgåve er  å fremje OECDs retningslinjer og gje rettleiing i desse. Retningslinjene skal vera eit effektivt verktøy i å hindre overtramp, altså hindre at norske bedrifter trår feil i møtet med menneske og miljø, kultur og samfunn i andre land.

Kontaktpunktet tok klagen frå Industri Energi til handsaming, og partane har vore gjennom mekling og dialog som ikkje førte fram. Meklinga vart avslutta oktober 2017, og Kontaktpunktet har gjort ei sjølvstendig vurdering av klagepunkta. Slutterklæringa frå Kontaktpunktet vart offentleggjort 22. mars 2018.

DNO har svikta der andre selskap har tatt ansvar

Kontaktpunktet har konkludert med at DNO ikkje har etterlevd anbefalingane i OECDs retningslinjer kapittel V. Sysselsetting og forholdet mellom partene i arbeidslivet, punkt 6 og 8 angåande varsel og drøfting.

DNO har uttalt til Kontaktpunktet at selskapet ikkje såg det formålstenleg å gjennomføre drøftingar, og at drøftingane ikkje ville hatt noko reell betyding. Kontaktpunktet har i slutterklæringa kommentert at det er «vanskelig å forstå hvordan DNO kan fastslå at det ikke ville hatt noen reell betydning ettersom andre selskap i tilsvarende situasjon synes å ha håndtert situasjonen annerledes».

Tilsvarande arbeidsgjevarar i Jemen, til dømes franske Total og austeriske OMV, har samarbeida med sine respektive fagforeiningar og føreheldt seg til den jemenittiske arbeidslova og avtalar. Total betalte arbeidarane sine 75 prosent løn fram til selskapet overleverte lisensen til ny eigar, det vart betalt ut kompensasjon og arbeidarane vart overført til ny arbeidsgjevar. OMV betalte minimum 75 prosent løn fram til 2017, og etter drøftingar med fagforeininga tilbaud selskapet sluttpakkar, på opp til 28 månadsløner avhengig av ansiennitet,  til arbeidarane.

Følgjer ikkje lokal lovgiving

DNO-fagforeininga i Jemen gjekk til Primary Labour Arbitration Commitee for å få masseoppseiinga kjent ugyldige og med krav om å få utbetalt løn og kompensasjon. 3. august 2016 vart DNO dømt til å betale løn til arbeidarane så lenge selskapet har lisens. DNO anka saka til Court of Appeal, som oppretthaldt domen. DNO anka så til Supreme Court. 17. desember 2017 kom domen som stadfesta at DNO må betale 75 prosent lønn så lenge selskapet har lisensavtalar. DNO har skrive brev til DNO-fagforeininga i Jemen og informert om at selskapet ikkje kjem til å følgje domen.

Trass i at tre rettsinnstansar, Olje- og mineraldepartementet og Arbeidsdepartementet og tilsvarande arbeidsgjevarar meiner at selskapa skal betale løn så lenge selskapa har lisensar, vel DNO å oversjå dette.

Kva skjer når krava ikkje vert følgt?

Astrup meiner at styresmaktene stiller strenge krav til norsk næringsliv. På  Advokatforeningens menneskerettighetsseminar i mai uttalte han at «Regjeringen legger til grunn at norsk næringsliv retter seg etter lover og regler i vertslandet, at de kjenner og benytter FNs veiledende prinsipper og OECDs retningslinjer for ansvarlig næringsliv.»

Kva skjer når desse krava ikkje vert følgt? Når norske selskap med internasjonal verksemd ikkje tek samfunnsansvar har det konsekvensar. Resultatet er det utviklingsministeren kallar «karikerte fremstillinger av næringslivet», og det vil sjølvsagt gå utover dei seriøse aktørane som tek samfunnsansvaret sitt alvorleg og ønskjer å bidra til utvikling.

Verdas største humanitære katastrofe

Krisa i Jemen er verdas største humanitære katastrofe. Tusenvis av menneske risikerer å døy som følgje av mangel på mat og medisin dei komande månadane. Medlemmane i DNO-fagforeininga melder om at dei ikkje kan betale husleige, straum, medisin og skulepengar.

For nokre månadar sidan brukte DNO 777 millionar kroner på å kjøpe seg inn i Faroe Petroleum. Det er kanskje ikkje så rart at medlemmane i DNO-fagforeininga ser på norsk næringsliv som ein hensynsløs profittjeger?

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies. Amalie bloggar om internasjonalt samarbeid.
Flere artikler avAmalie Hilde