5 tips til betre studentøkonomi

21. august 2018

Studietida er eit herleg eventyr, men det er ikkje berre dans på rosar. Mange må finne seg til rette med ei mindre inntekt enn dei skulle ha ønskt. Her gir studentleiar Michal Jan 5 tips til korleis du kan halde styr på studentøkonomien.

Du søkte om ein studieplass, og kanskje kom inn på draumestudiet? Gratulerer! Du kan glede deg til fleire år som du vil sjå tilbake til som nokre av dei beste i livet ditt. Likevel er ikkje studietida berre ein dans på rosar.

For mange kan å halde orden med økonomien vera lite anna enn kjelde til hovudverk, spesielt når studielånet er hovudinntekta di. Her er fem tips frå meg som eg skulle ønskt eg hadde fått da eg begynte å studere!

1. Før budsjett og rekneskap

Det kjedelegaste tipset – men kanskje det mest verdifulle? Det er veldig lett å bruke peng. Å føre ei oversikt over kva du ønsker å bruke pengar til, og kva du ønsker å spare på, er nødvendig uansett økonomien. Eit enkelt budsjett kan du laga i ei skrivebok eller i Excel.

Har du aldri budd for deg sjølv før, eller er usikker kva vanlege utgifter for ein i din livssituasjon er, kan du sjå på SIFOs referansebudsjett, eller LO Favør sin budsjettapp.

Å føre eit godt rekneskap er heller ikkje vanskeleg. Tar du vare på kvitteringane eller går du gjennom kontoutskrifta éin gong i månaden, held du lett oversikt over kva du bruker pengane på. Ikkje ver for hard med deg sjølv om du ikkje klarer å spore kvar einaste krone du har brukt – det er betre å ha noko oversikt enn å ikkje ha det i det heile tatt.

Samtidig som du går gjennom kontoutskrifta, kan du òg betale husleiga og fakturaene for komande månad. Det løner seg ikkje å oversjå ein faktura – purregebyr kan ofte overstige sjølve beløpet på fakturaen, og får du ein betalingsmerknad, kan du i framtida få problem med å få kredittkort, lån i banken, eller til og med mobilabonnement.

2. Bruk mindre pengar

Det er viktig å halde oversikt over kva du har brukt peng på, men kanskje enno viktigare å ikkje bruke for mykje peng. I august og januar får du storstipendet. Det kan freiste å bruke opp heile stipendet på sprell og moro i løpet av fadderveka, men det vil du helst unngå. Set heller ein stor del av det inn på sparekontoen, eller betal husleiga på forskot.

Å bruke kontantar kan høyrast bakvendt og forelda ut. Om du likevel let bankkortet ligga heime og bruker heller gamaldagse papirpengar når du handlar, får du betre oversikt over kor mykje du bruker. Dette er spesielt nyttig når du skal på byen – da tar du ikkje med deg meir pengar enn du vil drikke for.

3. Planlegg innkjøp og ver ute etter tilbod

Det er alltid mykje å spare når du handlar på tilbod. Planlegg du innkjøp i god tid i forkant, vil du ha tid til å bla gjennom kundeavisene og finne dei beste tilboda. Her kan du mellom anna få hjelp av appen Mattilbud, tilgjengeleg på både iOS og Android-telefonar. Mange restaurantar prøver å begrense matsvinn, og sel derfor overskotsmat til ein betydeleg lågare pris gjennom appen Too Good To Go.

Hugs å kjøpe brukt! Nye skolebøker og klede kan ofte koste skjorta. Bruk nettverket du får i løpet av fadderveka for å få tak i brukte skolebøker til ein billig penge. Skal du handle klede, kan du ta ein tur innom Fretex, eller sjå etter tilbod. Handlar du utanfor høgsesongen, kan du spare betydelege beløp.

Og ikkje minst: Ver klar over kva tilbod du får som student, og som medlem i Industri Energi. Du har allereie Noregs beste innbuforsikring, Kollektiv hjem, inkludert i medlemskapet ditt. I tillegg kan du kjøpe forsikringspakke for studentar til kr 952,- i året, som inkluderer reiseforsikring og ulykkesforsikring. Du kan òg spare på ferien – som Industri Energi-medlemar får du avslag på overnatting hos Nordic Choice Hotels og Scandic og leigebil når du bestiller gjennom LO Favør.

4. Ha pengar tilgjengeleg

Det er vanskeleg å planlegge for det uføresette, og det er desto viktigare å alltid ha nokre kroner tilgjengeleg. Kanskje mistar du PC-en i golvet, eller må plutselig til tannlegen? Eigenandelen hos fastlegen er mindre, men kan fortsatt bli til ein betydeleg del av månadsbudsjettet ditt.

Du kan lett skjerme deg for slike utgifter ved å ha ein eigen konto til uføresette utgifter. Skal du fylle på denne kontoen, kan du setje opp automatisk sparing i nettbanken – da slepp du å tenkje på det.

Det same gjeld dersom du har sparemål. Har du lyst å feriere på Bali eller kjøpe nye ski, kan du fort spare nok om du kvar månad overfører ein tusenlapp til ein avsett konto.

5. Sjå etter ny bustad

Det kan vera mange grunnar til å flytte i løpet av studietida. Kanskje vil du berre prøve ein ny bydel, eller kanskje kjem du ikkje overeins med dei du bur med? Ein annan god grunn er økonomi. Husleige kjem til å vera den største utgifta di under studietida. Da er det greitt å vera klar over kva som er tilgjengeleg på marknaden. Ved å flytte til ein hybel som er 500 kroner billegare, sparer du 6 000 kroner i året! Òg her kan du dra nytte av LO Favør. Dersom du manglar pengar til depositum, bør du sjekke ut depositumslån.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg