Arbeidstakarrettane under massive åtak – og utviklinga går feil veg

8. July 2019

For sjette gong gjev den internasjonale faglege samorganisasjonen (International Trade Union Confederation, forkorta ITUC) ut rapporten ITUC Global Rights Index – The World’s Worst Countries for Workers. Som tittelen indikerer, er ikkje dette lystig lesing.

Hovudfunna i rapporten

  • 85 % av landa i undersøkinga har brote streikeretten.
  • 80 % av landa i undersøkinga nektar nokre eller alle arbeidarar kollektive forhandlingar.
  • Talet på land som stenger ute arbeidstakarar frå å etablere eller slutte seg til ei fagforeining auka frå 92 i 2018 til 107 i 2019.
  • 54 av dei 145 landa i undersøkinga avgrensa ytrings- og forsamlingsfridomen.
  • I 59 % av landa i undersøkinga hindra eller nekta styresmaktene å registrere fagforeiningar.
  • Arbeidarar vart utsett for vald i 52 land.
  • Tillitsvalde vart drepne i 10 land (Bangladesh, Brasil, Colombia, Guatemala, Honduras, Italia, Pakistan, Filippinene, Tyrkia og Zimbabwe).

Tilhøva for fagrørsla er forverra i Europa

Talet på land der arbeidarar ikkje får etablere eller vera med i fagforeiningar har auka, og den største auken fant stad i Europa. I halvparten av dei europeiske landa i undersøkinga er det restriksjonar på kven som får organisere seg. I tillegg har det vore fleire valdelege åtak på fagforeiningsleiarar og fleire arbeidarar vert tiltalt og dømde for deltaking i streikar.

I rapporten står det at i Europa, der retten til kollektive forhandlingar tradisjonelt har vore ein berebjelke, prøver selskap å omgå arbeidstakarrettane. Det vert vist til landa Estland, Nederland, Norge og Spania.

Fagforeiningsknusing i Norge

Sjølv om Norge er med i den «beste gruppa» der det berre er sporadiske brot på arbeidstakarrettane, vert Norge trekt fram som eit av landa der arbeidarar har vorte nekta kollektive forhandlingar.

Under overskrifta Erosion of collective bargaining kan ein lese: i Norge, etter ein 35 dagar lang streik, enda konflikten med at det vart inngått tariffavtale. Eigaren av Norse Production, ein lakseprodusent, slo selskapet konkurs og etablerte ein ny underleverandør på same stad med same leiing. Ingen av dei fagorganiserte arbeidarane frå Norse Production fekk jobb i det nye selskapet og tariffavtalen vart ikkje vidareført.

Jarle Wilhelmsen, nestleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), har uttalt til FriFagbevegelse at det var laksegiganten Sekkingstad som stod bak konkursen i Norse Production og at dette var ein plan for å knuse fagforeininga.

Åtak på streikande tekstilarbeidarar i Bangladesh

Bangladesh er eit av dei ti verste landa for arbeidarar. I Bistandsaktuelt 1-2019 var det eit bilete av 22 år gamle Bobita.

Med raudskutte auge og tårevåte kinn fekk ho bandasje rundt hovudet på eit akuttmottak i Dhaka. Bobita var ei av tusenvis av tekstilarbeidarar som demonstrerte for lønsauke. Politiet, eller ein av gjengane som vart leig inn av fabrikkeigarar for å sabotere demonstasjonane, kasta ein murstein i hovudet hennar.

Protestane i Bangladesh byrja 6. januar i år. Politiet brukte vasskanoner og tåregass mot dei 10 000 streikande tekstilarbeidarane. Ein arbeidar vart drepen og ei ukjent tal arbeidarar vart skada. 5000 arbeidarar fekk sparken etter demonstrasjonane og risikerer straffeforfølging.

Mindre makt til arbeidarar, meir makt til privat næringsliv

Diverre er ikkje historia til Bobita unik. Retten til å streike er sterkt avgrensa eller fråverande i 123 av 145 land. I mange av landa slår styresmaktene hardt ned på arbeidstakarar som brukar streik for oppnå krava sine. Over heile verda vert streikande arbeidarar utsett for straffeforfølging og oppseiing.

Streikeretten er eit av det viktigaste kampvåpna til fagrørsla, og det er difor ikkje overraskande at rapporten konkluderer med at den politiske makta til arbeidarane minkar – og dei private selskapa får meir makt.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde