Kor vart det av målet om anstendig arbeid?

5. august 2019

I ein ny rapport om norsk implementering av FNs berekraftsmål gløymer regjeringa delen om anstendig arbeidsliv i mål 8: «Anstendig arbeidsliv og økonomisk vekst». Fagrørsla er heller ikkje nemnt blant viktig samarbeidspartnar for å nå mål 8.

DSC_0064
Utanriksdepartementets rapport "One Year Closer 2019"

Ein versjon av innlegget var først publisert i Klassekampen måndag 29. juli 2019.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide, utviklingsminister Dag Inge Ulstein og finansminister Siv Jensen rapporterer om berekraftsmål 8 «Anstendig arbeidsliv og økonomisk vekst» i ein ny rapport om norsk implementering av FNs berekraftsmål, men dei gløymer anstendig arbeidsliv.

Årsrapporten «One Year Closer 2019» gjort offentleg av Utanriksdepartementet den 3. juni.

Skal rapportere om korleis berekraftsmåla blir følgt opp

Ein 2030-agenda for berekraftig utvikling fram mot år 2030 vart vedteken av FN i 2015. Berekraftsmåla gjeld for alle statar og har eit høgt ambisjonsnivå; ingen skal utelatast. Måla vert omtala som eit vegkart for nasjonale og internasjonale tiltak som tek sikte på å utrydde ekstrem fattigdom, sikre inkluderande berekraft og fremje velstand, fred og rettferd for alle.

Ifølgje Utanriksdepartementet og Finansdepartementet tek rapporten føre seg korleis sivilsamfunn, akademia, privat sektor, arbeidslivsorganisasjonane og det offentlege følgjer opp berekraftsmåla.

FNs berekraftsmål 8

Mål 8 er å sikre anstendig arbeidsliv og økonomisk vekst. Dette skal fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle. Delmåla 8.5 til 8.8 tek føre seg:

  • anstendig arbeid for alle og lik løn for likt arbeid,
  • sysselsetting,
  • tiltak for å avskaffe tvangsarbeid, moderne slaveri og barnearbeid,
  • trygge arbeidstakarrettane
  • trygge og sikre arbeidsmiljø.

Med andre ord; det same som fagrørsla arbeider for.

Nemner ikkje fagrørsla som samarbeidspartnar

Del to av rapporten tek før seg viktige samarbeidspartnarar. Fagrørsla vert ikkje sett på som ein viktig samarbeidspartnar for å nå mål 8. Årsaka kan vera at departementa ikkje ser på fagrørsla som del av det sivile samfunn, men det er uansett merkeleg at det ikkje vert gjort ei kopling mellom anstendig arbeid, arbeidstakarrettar og fagrørsla.

Del tre er ei oversikt over korleis Norge følgjer opp dei 17 berekraftsmåla på nasjonalt og internasjonalt nivå. Under overskrifta Anstendig arbeidsliv og økonomisk vekst kan ein lese at arbeidsmarknaden i Norge er fleksibel og at det er låg arbeidsløyse og høg sysselsetjing. Det står ikkje noko om anstendig arbeidsliv, retten til å organisere seg og forhandle kollektivt.

Norge debuterer på ITUCs verstingliste

Norge vert i år trekt fram i rapporten «Verdas verste land for arbeidstakarar», som er sett opp av den internasjonale fagrørsla.

Sjølv om Norge er med i den «beste gruppa» i rapporten til Den internasjonale fagforeiningsføderasjonen (ITUC), der det berre er sporadiske brot på arbeidstakarrettane, vert Norge trekt fram som eit av landa der arbeidarar har vorte nekta kollektive forhandlingar.

Les meir om dette her. 

Retten til kollektive forhandlingar har vore ein berebjelke i den norske modellen, men nå er Norge for første gong på den lite ærefulle lista ITUC over verdas verste land å vera arbeidar i. Arbeidsgjevarar driv fagforeiningsknusing og omgår retten til kollektive forhandlingar. I Finansdepartementet og Utanriksdepartementet sin rapport om norsk implementering av berekraftsmåla er ikkje dette verd å nemne.

Saknar viktige problemstillingar

Anstendig arbeid er heller ikkje eit tema departementa tek opp når dei rapporterer på kva Norge gjer på internasjonalt nivå i høve berekraftsmål 8. Rapporten tek føre seg kva Noreg bidreg med for å auke handel, sysselsetjing og økonomisk vekst i fattige land.

Andre relevante problemstillingar som striden rundt nulltimars-kontraktar i bemanningsbransjen og om arbeidsmiljølova skal gjelde på fleirbruksfartøy, er heller ikkje nemnde i One Year Closer 2019-rapporten.

Eit anstendig arbeidsliv kan løfte to milliardar menneske ut av fattigdom. Eg vil minne ministrane om at ifølgje Ilo, FN sin organisasjon for arbeidslivet, har anstendig arbeid fire grunnpilarar:

  • jobbskaping
  • arbeidstakarrettar
  • sosial tryggleik
  • sosial dialog mellom uavhengig fagrørsle, arbeidsgjevarorganisasjonar og styresmakter

Sysselsetjing er altså berre ein av fire pilarar og fordrar at arbeidstakarane får ei anstendig løn.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg

Amalie alvorlig

Amalie HildeTofte

Amalie Hilde Tofte er internasjonal rådgjevar i Industri Energi. Ho har mastergrad i Development Studies og i Demokratibygging.
Flere artikler avAmalie Hilde