Vi må tora å snakke om våre visjonar

26. februar 2020

Berre ungdomen kan sørge for ei levedyktig petroleumsnæring i 2050, skriv leiar i studenutvalet i Industri Energi, Michal Jan Warecki, i denne bloggen.

Michal Jan Warecki
Studentleiar i Industri Energi, Michal Jan Warecki.

Livet som oljeengasjert i fagforbundet Industri Energi er ikkje alltid like lett, og oljetoppane gjer det ikkje alltid lettare med sine tvilsomme mediautspel. Næringa har mange visjonar for å bidra til ei utsleppsfri verd, men ser ut til å gløyme desse visjonane i møte med miljøorganisasjonar.

Som studentleiar i fagforbundet Industri Energi snakkar eg ofte med mine venar og kjente om olje og gass. Eg veit at med karbonfangst og -lagring (CCS) kan vi bli Europas mottakspunkt for tilbakeføring av karbon tilbake der karbonet kom ifrå. Vi kan ikkje berre stogge klimaendringar, men også gradvis reversere dei. Samtidig vil vi framleis forsyne Europa med rein energi.

Dette er ikkje mitt påfunn, visjonar som denne står i nye og gamle rapportar frå mellom anna Equinor, Rystad og DNV GL. Men når dei som skal utforme næringas framtid blir konfrontert av organisasjonar som Natur og Ungdom, blir desse visjonane aldri trekt fram. Og ikkje berre det, oljetoppane slit ofte med å forklare eiga verksemd.

Når miljøorganisasjonane kritiserer Parisavtalens mål som for lite ambisiøse, viser konsernsjef i Equinor Eldar Sætre i Politisk kvarter for nokre veker sidan nettopp til Parisavtalens mål, som om han ikkje høyrte spørsmålet. Det er lett å ikkje ta NU på alvor når dei tar standpunkt mot meir koparutvinning, samtidig som dei ønsker fleire straumkablar til utlandet, som vil auke behovet for dette metallet. Men å ikkje sjå at ambisiøse klimamål har støtte hos folket er uklokt.

Det siste året har tusenvis av norske ungdomar streika for klimakutt. Dei siste åra har det år for år vorte færre søkarar til tekniske utdanningar, sett under eitt. Utanlandske studentar har halde liv i petroleumsmasteren på UiS, sidan 2017, nyleg skreiv Khrono om at petroleumsbacheloren i Bergen står i fare for nedlegging, og Aftenbladet skreiv om dalande søkartal til petroleumsutdanningar. Alle ungdomsparti bortsett frå FpU vil innskrenke moglegheiter for framtidig oljeutvinning — til og med Unge Høgre.

Ungdomen gjer det ikkje fordi dei er dumme eller ute av stand til å forstå samanhengane. Tvert imot, når dei høyrer Eldar Sætre seie at norsk oljeutvinning er i tråd med 1,5-gradarsmålet, skjøner dei også kva 1,5 gradars oppvarming medfører — og meiner at konsekvensane er altfor alvorlege til å tolast. Lovnadar om klimanøytralitet for norsk oljenæring overtyder ikkje dei unge, så lenge olja vi produserer blir brent opp og fører til mange gongar større utslepp enn ved produksjon.

Likevel er vi avhengige av støtta frå nettopp desse ungdomane dersom Noreg skal sitja i førarsetet for grøn omstilling offshore. Om nokre år skal nettopp dei ut på jobbmarknaden og dei skal oljeselskapa prøve å få inn. Dei same ungdomane skal også røyste fram politikarar som skal leggje rammene for vidare aktivitet – eller gradvis leggje næringa ned.

Næringa har visjonar for å bidra til ei klimanøytral verd. I framtida vil vi ha hydrogenplattformer i staden for oljeplattformer. Nokre av anlegga blir fjernstyrt, men på dei fleste vil det enno jobbe folk. Helikopteret dei skal ta til jobben vil sjølvsagt gå på biodrivstoff.

Om nokon tiår og med nok politisk vilje kan vi trekke to rørleidningar til industriparkane i Sør-Noreg. Den eine leidninga vil forsyne dei med nullutslepps naturgass, så industrien slepp å importere skifergass frå USA, frå skiferfelt som liknar på framstillinga av Mordor i «Ringenes herre». Den andre vil føre CO2 frå produksjonen tilbake til reservoaret. Dei 9 000 kilometerane med rørleidningar mellom Noreg og Europa vil ikkje lenger fyllast med naturgass, men med CO2 frå dei få gasskraftverka som står att. Der blir det fyrt med biogass, og utsleppa blir likevel ført til reservoar under Nordsjøen. Noreg vart aldri Europas batteri, men vi kan bli Europas mottakspunkt for tilbakeføring av karbon tilbake der det kom ifrå.

Slike visjonar finst allereie i næringas rapportar og i politiske dokument. Hadde Eldar Sætre presentert ein slik visjon til unge miljøvernarar, hadde dei framleis streika kvar fredag, men for meir statleg støtte til CCS og ein norsk hydrogenøkonomi. Og det er slike heilskaplege visjonar vi må presentere når vi møter dei på konferansar, i media eller på ein fest.

Eldar Sætre vil kanskje ikkje lenger å møte ungdomen på deira premiss, når han uansett snart går av med pensjon. Vi andre bør likevel vera opptatt av ein visjon for ein sokkel som i verste fall har null verknad på miljøet og klimaet — og i beste fall ein positiv verknad. Ungdomen er berre 20 % av befolkinga, men dei er 100 % av framtida. Næringa kan ikkje vera klimanøytral i 2050 om ingen lenger vil jobbe i ho – og berre ungdomen kan sørgje for ei levedyktig næring i 2050.

Denne teksta var fyrst publisert i Stavanger Aftenblad 30.01.2020.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg