«Maks ut kredittkortet eller flytt heim til foreldra»

1. april 2020

Viss du er student eller forelder til ein student, har ikkje Regjeringa eit godt tilbod til deg. Norsk studentorganisasjon sitt standpunkt snudde fort frå «forsiktig optimisme» til «opprop om studentens krisepakke» ,skriver studentleiar Michal Jan Warecki i Industri Energi.

Regjeringas krisepakke til studentar kan enklast oppsummerast som eit nytt kredittkort. Medan deltidsarbeidande i handelen, vaktselskap og på treningssenter får 18 dagar med full løn og auka dagpengar dekka av staten, er det å ha betalt studieavgift nok til å ikkje få noko støtte, og faktisk auka utgifter på sikt. Regjeringas tilbod til studentar bestod nemleg av 26 000 kroner i lån, som etter forhandlingar på Stortinget vart til 9 100 i stipend og 16 900 i lån.

Eg tener over ein median løn, og grensa på kredittkortet mitt er på 25 000 kroner. Dei som har skatta på lik linje med alle andre, skal ikkje måtta betale støtta tilbake med renter.

Ordtaket «kua har gløymt at ho har vore kalv» kunne ikkje passa betre. For berre 7 år sidan avslutta Asheim utdanninga, og vart ein av dei titusenvis studentar som skulle etablere seg på bustadmarknaden. Det var neppe lett allereie da. No tilbyr same Asheim eit lån på 26 000 kroner til dagens studentar. Om 3 år vil dei fleste av desse bli ferdig med utdanninga og etablere seg. Det vil da ha gått 10 år sidan Asheim var i same situasjon.

I løpet av det siste tiåret har gjennomsnittleg studiegjeld auka med 40 % og pris på bruktbustad med 65 %. Asheim påpeiker i nettavisa Universitas at 26 000 kroner vil «berre» utgjera 145 kroner i månaden og forsvarer det med at studentar får andre rabattar. Det er lita trøyst for dei som no bruker mindre enn det på ein middag, og det er ikkje mogleg å få rabattar for 26 000 kroner gjennom ei 3 år lang studietid.

Mangelen på formidlingskompetanse er imponerande hos statsråden og hans rådgjevarstab. Det kan finnast legitime grunnar til at studentar får tilbod om lån. NAV-systemet manglar styring og er dermed overbelasta, det kan ta fleire månadar før nokon får utbetalt pengane dei har krav på. Tilleggslån er ein kjapp måte til å gi studentar kroner og øre utan å vente på nye overføringar over Statsbudsjettet.

Men vi har ikkje høyrt nokon av dei forklaringane. I staden for er reaksjonane til studentleiarane karakterisert som «umusikalske».

Tar halvparten av studentar opp det ekstra lånet, ville det kosta Staten 4 milliardar kroner å tildele det som stipend, eller 1 % av det tidlegare bankøkonom og medlem av Norges Banks hovudstyre Torgeir Høien opnar for å bruke. Det umusikalske er at vi ikkje tar oss råda til dette. Både studentar, deira foreldre og regjeringa vil tape på det.

Asheim kan enda redde ansikt, om han tilbyr Stortinget og studentrørsla ei god forklaring og jobbar saman med oss for ei faktisk krisepakke, og ikkje eit forbrukslån. Forholdet mellom ein statsråd og dei han er statsråd for må vera bygd på gjensidig tillit. Det ser ut til at studentanes tillit til Asheim er svekka. Om tillita ikkje blir bygd opp att, kan det vera på tide med enda ein ny statsråd i Regjeringa. Det er trass alt enklare å byte ut éin statsråd enn 300 000 studentar.

 

Innlegget stod fyrst på trykk i Stavanger Aftenblad 28. mars. Sidan er det blitt oppdatert for å reflektere at 35 % av dette lånet sannsynlegvis blir gjort om til stipend, etter stortingsforhandlingar 31. mars.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg