Stopp smitten, ikkje demokratiet!

29. april 2020

1. mai 2020 vert historisk. Historisk fordi me ikkje kan markere arbeidarane sin internasjonale kampdag med tog, talar og demonstrasjonar i by og bygd slik tradisjonen er, men digitalt på internett. Dette gjer at 1.-mai aksjonen er digital òg, skriv internasjonal rådgjevar i Industri Energi Amalie Hilde Tofte.

Amalie Hilde Tofte
Amalie Hilde Tofte

I desse koronatider, som media liker å kalle det, er det særs mykje fokus på kva som skjer nasjonalt. Det gjeld styresmaktene, media og fagrørsla. Og det er heilt naturleg. Samstundes er det viktig å huske på at me er del av noko større. Koronapandemien viser kor tett globaliseringa har ført oss; ei flaggermus som smittar eit skjeldyr, som smittar eit menneske på ein marknad i ein kinesisk by mange av oss aldri hadde høyrt om, fører til at arbeidarar i Norge vert permitterte og sagt opp. Pandemien viser kor avhengige me er av resten av verda, og kor mykje som stoppa opp då styresmaktene stengte grensene.

Koronapandemien viser oss også at det er dei som har lite i utgangspunktet, som er hardast råka av krisa. ILO manar til «fullskala globalt samarbeid» for å sikre arbeidsplassar og inntekt. 195 millionar arbeidsplassar kan forsvinne i løpet av året. Sjefen for FNs matvareprogram åtvarar om svoltkatastrofar av «bibelske proporsjonar» dersom ikkje verda handlar raskt. 265 millionar menneske kan kome til å svelte. I Dagsrevyreportasjar har me sett at fattige arbeidarar i India, Sør-Afrika og Frankrike fryktar svolt meir enn koronaviruset.

Diverre ser ein nå at mange styresmakter bruker den utrygge situasjonen som koronapandemien har ført med seg, til å stramme grepet og innføre ulike typar unntakstilstander og kriselover. Dette gjev styresmaktene fullmakter dei før ikkje hadde. I somme land er politiet og militæret sett inn for å kontrollere folket og i andre land har ein innført omfattande digital overvaking.

I Norge har me stor tillit til styresmaktene, og mange meinte det var uproblematisk at regjeringa bad om særs vide fullmakter for at kunne styre smidig under koronakrisa. Dette viser kor sårbart demokratiet er når me opplever kriser og uro.

Norsk Folkehjelp, fagrørsla sin solidaritetsorganisasjon, arrangerer kvar 1. mai «Folk forandrer verden-aksjonen». I år er temaet: Stopp smitten – ikkje demokratiet. Norsk Folkehjelp samarbeider med folkelege organisasjonar i 35 land. Desse organisasjonane står opp mot urett og kjempar for demokrati og menneskerettar – også i koronaens tid. I Ecuador har urfolksorganisasjonar stilt ei rekke krav til styresmaktene. Dei krev at bankane utset betaling av huslån, kontantstøtte til arbeidslause og at staten stoggar betalinga av avdrag til IMF. I Sør-Afrika samarbeider Norsk Folkehjelp med organisasjonar som krev rett til vatn og husly. Utan tilgang til vatn og tak over hovudet er det vanskeleg å følgje smitteverntiltaka. I Syria og Libanon samarbeider Norsk Folkehjelp med organisasjonar som driv trygg utdeling av mat og hygieneartiklar i flyktningleirar, og her heime bidreg Norsk Folkehjelp sine lokale lag i den nasjonale dugnaden mot korona.

Det er folk som endrar verda! Folk på grasrota som organiserer seg og står opp mot urettferdig fordeling av makt og ressursar. Slik me gjer det i fagrørsla. Saman er me sterke.

Støtt opp om 1.mai-aksjonen.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg