Sommarjobb og smittetiltak

5. juni 2020

Korona må ikkje knuse draumane til dei nyutdanna, og bedriftene må tilby dei sommarjobbane som er smittefagleg forsvarleg. Det kan også gjera norske verksemder til vinnarar på HR. Det skriv studentleiar Michal Jan Warecki i Industri Energi.

Michal Jan Warecki
Studentleiar Michal Jan Warecki i Industri Energi

For studentar flest er seinvåren den eigenlege sommarferien. Eksamenane er avlagt, medan sommarjobben, som studentar flest er avhengig av, har enno ikkje begynt. I år derimot er våren for mange ei tid prega av usikkerheit. Inntektene frå deltidsjobben under studia går tapt, og tilleggslånet regjeringa foreslo er ingen fullgod erstatning.

På same tid begynner bedriftene å seie opp dei som allereie har signert for ein sommarjobb, eller som skulle gå ut i sin første jobb etter fullført utdanning. Blant Industri Energis studentmedlemar er rundt 25 % av arbeidstilboda trekte tilbake, og Dagsavisen melder at berre 10 % av bedriftene i Oslo vil ta inn sommarvikarar. Mange av dei som gjekk ut i jobb i fjor, er permitterte eller oppsagte no, og SSB melder om ei arbeidsløyse blant unge på 18 %.

Sommarjobbar har to viktige funksjonar i samfunnet: Bedrifta får halde fram med drifta når ordinære tilsette har ferie, medan studentane får moglegheit til å setje kunnskapen sin ut i livet. Spesielt denne sommaren er det tragisk at så mange bedrifter bestemmer å ikkje tilsette nokon.

Det finst gode grunnar til å ikkje tilsetje sommarstudentar i år. På nokre arbeidsplassar er det ikkje smitteforsvarleg å drive i det heile tatt. Nokon har ikkje likviditet eller kapital til å tilsetje studentar i sommar. Men maskinene må framleis haldast ved like, og faste tilsette skal også i år ta ut ferie. Utviklingsarbeid som involverer studentar rett frå universitetet, med ferske synspunkt og oppdatert kunnskap, kan gje ein betre start når smittetiltaka opphøyrer.

Endringa som angår alle er at innføringsprogram for nytilsette i denne ekstreme situasjonen kan også løfte personalavdelingar og tilfredsheita på jobb til nye høgder. Erfaringane som koronasituasjonen har vist, er at tida er inne for å prøve ut nye ordningar, eksperimentere med nye tiltak og ikkje la gamle haldningar styre framtida.

Heimekontoret er kome for å bli. Internasjonale selskap som Facebook kjem til å tillate jobb heimafrå ut året for dei tilsette som ønsker det. For norske selskap er utstrakt bruk av heimekontor ei moglegheit til å utvide nedslagsfeltet sitt til heile landet, til og med utlandet, ved tilsetjingar. Bedriftene som motstår freistinga til å seie opp inngåtte arbeidskontrakter har mykje å tene på det i ei stadig meir digital verd. Dei får prøve ut nye rutinar for innføringsprogram, som tar høgde for at vi ikkje alltid sit i same kontorbygg, på ein forholdsvis ufarleg måte – om dei berre satsar ekstra på sommarstudentar i år.

Mange store selskap har halde fram med å utbetale utbyte. Dei må ikkje berre ta ansvar ovanfor aksjonærane, men også ta samfunnsansvar og tilby dei jobbane dei kan. Det vil alle tene på.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg