Ikkje gløym krystallnatta!

9. november 2020

Kampen mot fascismen og nazismen er ein viktig del av LO og Norsk Folkehjelp si historie, og me i fagrørsla har eit ansvar for å seie i frå om at nazisme, fascisme og rasisme ikkje er akseptabelt. Ikkje gløym krystallnatta, skriv Amalie Hilde Tofte, internasjonal rådgjevar i Industri Energi.

Amalie Hilde Tofte
Amalie Hilde Tofte

Natta mellom 9. og 10. november 1938 markerte byrjinga på jødeforfølgingane i Tyskland. 1400 synagogar vart brent ned, 7500 butikkar vart vandalisert, 91 menneske vart drepne og 30 000 jødar ført til konsentrasjonsleiarar. Dagen etter var fortaua fulle av knust glas frå forretningane, og  nazistane kalla aksjonane krystallnatta.

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter skriv på heimesidene sine at nazismen oppstod i Tyskland etter første verdskrig. Ideologien er basert på tanken om at eit folk er betre enn alle andre og at ein leiar – eller førar – skulle leie dette folket. Ein del forskarar hevdar at nazismen best kan forståast ut i frå kva motstandarar den meinte å ha: kommunismen, fagrørsla, demokratiet, liberalismen og jødane. Andre vektlegg i større grad nazismen si utopiske målsetning om det organiske, rasereine folkefellesskapet som sjølvstendig ideologisk faktor.

Det er lett å tenke at krystallnatta er ei historisk hending som ikkje er relevant for oss i dag, og at nazismen er eit tankegods som me alle tek avstand frå. Men krystallnatta er meir relevant enn eg likar å tru. I haust hadde norske nynazistar knytt til Den nordiske motstandsbevegelsen ein aksjon framfor synagogen i Oslo under Yom Kippur-feiringa. Der delte dei ut antisemittisk propagandamateriell.

Diverre er «ytre høgre», som var eit marginalt fenomen i europeisk politikk fram til 2000-talet, blitt normalisert. Åtak på religiøse minoritetar, LGBT-rørsla, menneskerettane og sjølve demokratiet skjer over heile verda. Alle internasjonale oversikter som måler demokrati, rettsstat, ytringsfridom og vilkåra til sivilsamfunnet viser negative trendar. Det same gjeld for arbeidstakars rettar. Samstundes aukar spenningane i internasjonal politikk, og internasjonale avtalar og rettsorden vert bygde ned og militærmaktene rustar opp. Konspirasjonsteoriane florerer og polariseringa er sterk. Mange vil hevde at hatet veks.

“Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv” skriv Arnulf Øverland i diktet du skal ikke sove. Solidaritetstanken, som er heilt sentral i fagrørsla, er viktig i kampen mot hatet. Kampen mot fascismen og nazismen er ein viktig del av LO og Norsk Folkehjelp si historie, og me i fagrørsla har eit ansvar for å seie i frå om at nazisme, fascisme og rasisme ikkje er akseptabelt. Ikkje gløym krystallnatta – slik vondskap kan skje i vår tid dersom me ikkje er på vakt.

For Alle er Industri Energis nytte- og meningsblogg. Ytringene er personlige, og reflekterer ikke nødvendigvis Industri Energi sitt standpunkt på de ulike områdene.

Se hva Industri Energi kan tilby deg