Studentkonferansen 2020

18.–19. april 2020 Industri Energi - Stavanger

Åpen for alle studentmedlemer i Industri Energi!

Meld deg på i dag !

Konferansen er åpen for alle studentmedlemmene i Industri Energi. Den er lagt til ei helg, slik at også de som reiser langveisfra kan være med.

Program

Landindustrien produserer mindre enn før. Færre jobbar blir skapt. Er vi i ferd til å omstille oss frå olje til arbeidsløyse? Eller har industritoppane ei plan for omstilling klar? Er Norge i 2050 eit industriland, eller blir vi eit u-land?

Det grøne skiftet er i gang, men handelskrigar, politisk uro og handlingslammelse kan forseinke det. Kjem du til å ha ein grøn arbeidsplass når du er ferdigutdanna? Og kva er ein grøn arbeidsplass?

Desse og fleire spørsmål skal vi svare på under årets Studentkonferanse. Gjer deg klar for ei helg fylt med fengande innleiingar, gruppearbeid og nettverking! På programmet har vi topptillitsvalte, bedriftsrepresentantar og styremedlemar i leiande industribedrifter som Equinor og Norsk Hydro.

Konferansen blir halden i vårt kurssenter midt i Stavanger sentrum, noko som gir moglegheiter for nettverking på ein av byens mange pubar.

Detaljert program blir lagt ut snart.

Praktisk informasjon

Tidspunkt

Konferansen startar kl. 9 på laurdag 18. april og er ferdig kl. 15 dagen etter. På fredag vil det vera middag og bli-kjent-kveld for deltakarane som ønsker det.

Reise og overnatting

Studentkonferansen blir halden på kurssenteret vårt, og deltakarane skal bu i dobbeltrom på Clarion Hotel Stavanger berre ein steinkast unna. Vi dekker både reise, mat og overnatting. Dersom du ikkje får fri med løn, kompenserer vi tapt arbeidsforteneste. Alt etter AOF sine sine satser

Påmeldingsfristen er 2. april 2020.

Lurer du på kven andre kjem? Følg med på arrangementet på Facebook.

 

Lurer du på noe?

Har du spørsmål, kontakt leiar av Studentutvalet, Michal Jan Warecki.

Michal Jan Warecki
Michal Jan Warecki

Leder studentutvalget

mjw@industrienergi.no

+4794247023

Cathrine Imsland
Cathrine Imsland

Reisebestiller – seksjon kurs og kompetanse

cathrine.imsland@industrienergi.no

+4747260555