Høring statsbudsjettet 2020: Gledeleg med økt studiestøtte, men uroa over gjeldsbyrda

Michael Jan Warecki, leder av Industri Energi Student, på høyringa.
Michael Jan Warecki, leder av Industri Energi Student, på høyringa.

torsdag 17. oktober 2019

-Det er gledeleg at Regjeringa foreslår opptrapping i studiestøtte på 11 månader. Samstundes er me bekymra for den stadig større gjeldsbyrda studentane har ved slutten av utdanninga, seier Michal Jan Warecki, leiar av Industri Energi Student.

Han representerte Industri Student under høyringa på Stortinget torsdag 17.oktober. Han meiner at auken i studiestøtte er velkommen, men ikkje tilstrekkeleg.

Sidan 2015 auka støtta med ca. 8 % (2019-kroner), medan prisstiginga på bustad har vore på 12 % (inflasjonsjustert), det vil seie 50 % høgare enn auken i studiestøtta. Det er av stor betyding, sidan for studentar utgjer bustad ein større del av budsjettet enn for yrkesaktive. Industri Energi Student foreslår å binde studiestøttas utvikling til grunnbeløpet i folketrygda, som betre representerer den faktiske utviklinga av leve- og bukostnadar.

-Framleis jobbar mange norske studenter så mykje at det går ut over prestasjonen deira i studiet. Industri Energi Student støttar kravet frå resten av studentrørsla om på sikt å binde studiestøtta til 1,5 G, som er 149 787, seier han.

Vaksne i utdanning

Ei gruppe som er særs utfordra er unge foreldre som tar utdanning. Det foreslåtte tilleggslånet vil lette byrda på dei, spesielt når tilgangen til tiltak som tannregulering eller briller.

Det vil styrke Noregs omstillingsevne at fleire etablerte vaksne får høve til å ta vidareutdanning og ny utdanning. Derfor er det positivt at Regjeringa vil opne for eit tilleggslån for studiestøttemottakarar over 30 år. Samtidig utelèt det tiltaket mange frå å kunna heva sin kompetanse i nedgangstider.

-I staden foreslår Industri Energi Student at å ta ny utdanning blir likestilt med arbeidstiltak frå NAV, såframt det fører til ein grad, slik at etablerte vaksne kan ta ei etterutdanning, poengterer Warecki.

Høg gjeldsbyrde

Industri Energi Student er bekymra for den stadig større gjeldsbyrda kandidatane har ved slutten av utdanninga. Fjorårets omlegging av lånomgjeringsordninga vil føre til at mange kandidatar startar arbeidslivet med ei stor gjeld, av grunnar dei ikkje rår over.

-På toppen av det er tilleggslån verktøy som gir ein umiddelbar effekt av at fleire fullfører utdanninga på normert tid, men vil slite med å delta i bustadmarknaden og samfunnslivet på lik linje med andre. Med desse nye forslaga er det berre rimeleg å forvente at talet på nyutdanna med milliongjeld vil auke vidare frå 300 i 2017, sier Michael Jan Warecki.