Hugs å bruke stemmeretten!

Det er viktig at unge stemmer ved Stortingsvalet, meiner Michal Jan Warecki, Maren Marie Wilhelmsen og Lars Svendssen.
Det er viktig at unge stemmer ved Stortingsvalet, meiner Michal Jan Warecki, Maren Marie Wilhelmsen og Lars Svendssen.

tirsdag 5. september 2017

Kven bør styre landet vårt, meiner du? No er det mindre enn ei veke att til Stortingsvalet.

11. september er det Stortingsval, men langt frå alle nyttar høvet til å stemme. Særleg gjelder dette unge folk. Valdeltaking blant unge er faktisk ti prosentpoeng lågare enn blant befolkinga elles. Difor går ungdomsleiarMaren Marie Wilhelmsen og studentleiar Michal Jan Warecki i Industri Energi saman om å oppmoda dei yngste til å bruke stemmeretten sin.

Det handlar om framtida di!

– Det er viktig at unge stemmer. Viss ikkje, er det jo foreldra og besteforeldra dine som bestemmer korleis DI framtid vil bli, seier Wilhelmsen og meiner den yngre garde allereie er dei somhar måtte leva med dei negative konsekvensane av politikken som har blitt vedteke dei siste åra. Eit døme er den utvida bruken av mellombelse tilsettingar.

Studentleiar Warecki understrekar at det også er viktig at studentar går til valurnene. – Dei ulike partia har ganske lik utdanningspolitikk, men det finst òg eit liv etter studia. Det må vi vera med på å forme!Sentrale saker for oss er tryggleik i arbeidslivet, aukt studistøtte til elleve månader og ein anstendig pensjon, seier han.

Ungdomsleiar i Industri Energi Statoil, Lars Svendssen, har forhandsstemt. Ein kan forhandsstemme fram til 8. september. – Eg har lyst til å vera med og forme mi eiga framtid. Det er viktig å bestemme korleis samfunnet skal sjå ut.Dersom ein ikkje stemmer, har ein ikkje klagerett, seier han på veg ut av vallokalet.

Tips til deg som skal stemme!

Er du usikker kva du skal stemme? Du kan anten bruke ein av dei mange valgomatane eller finne eit par enkeltsaker som er viktigast for deg.

I vår undersøkte LO kva deira medlemar er mest opptatt av, og spurte dei ulike partia om svar.Her er ei oversikt over svara.

Lurer du på kor du kan gå og stemme? Ta og en kikk her og finn ditt lokale!

God tur til vallokalet, og godt val!