-Koronatiltaka fra Stortinget er ikkje gode nok for studentar

torsdag 19. mars 2020

– Studentar må kunne få kvardagen til å gå rundt. Eg blir kraftig provosert over at den einaste gruppa rekninga blir velta over, er dei med lån som einaste sikkerheitsnett. Det er som å seie til tilsette på ein bokhandel at dei ikkje får dagpengar, men bør makse ut kredittkortet. Det er ingen god løysing, seier studentleiar i Industri Energi, Michal Jan Warecki.

Michal Jan, profilbilde
Studentleiar i Industri Eneri, Michal Jan Warecki.

Industri Energi har 2500 studentmedlemar som utdannar seg til å jobbe i innan industrien, gjerne som ingeniør eller økonom. Mange av dei har ein deltidsjobb på sida. Da massepermitteringar vart eit tema i den offentlege debatten, tok studentutvalet i Industri Energi kontakt med parti på begge sidene av politikken for å sørgje at også studentar blir omfatta av krisepakka.

Studentleiar i Industri Eneri, Michal Jan Warecki, seier at dei fekk mykje støtte frå både “blå” og “raude” ungdomsparti, og at det er leitt at moderpartia ikkje høyrer etter.

– Studielånet strekk ikkje til. Cirka halvparten av studentar har ein deltidsjobb. Dei er 120 000 arbeidstakarar som er særs utsette i arbeidslivet. Når fleire andre grupper, som vanlegvis ikkje har krav på dagpengar, fekk det, håpte vi at det også skulle omfatte studentar. Ein gjennomsnittleg nyutdanna student har over 300 000 kroner i lån. Dei treng ikkje meir lån, men same kompensasjon som alle andre arbeidstakarar, seiar Warecki.

Han håper at denne situasjonen kan utløyse ein ny debatt om studentane sitt økonomiske sikkerheitsnett.

 

Nyheter
  • Avgjørende tid for å sikre tusenvis av arbeidsplasser i oljeindustrien

    -Nå er det alvor! Oljepakken som stortingspolitikerne skal behandle ferdig i løpet av neste uke er avgjørende for å sikre arbeidsplasser i olje- og gassnæringen, sier forbundsleder Frode Alfheim og tillitsvalgte fra de ulike delene av næringen.

  • Åpner for like regler for arbeidsreiser fra hele Norden

    Regjeringen åpner for like karanteneregler for arbeidsreiser til og fra alle de nordiske landene fra 1. juni. – En gledelig nyhet for arbeidstakere fra våre naboland som jobber i Norge ognoe vi har jobbet hardt for å få til, sier nestleder i Industri Energi, Lill-Heidi Bakkerud.