Studentsaker på Industri Energis Landsmøte

tirsdag 6. desember 2016

Sit du med ei sak du brenn for, og vil ha ho oppe på Landsmøtet i april? Da må du sende inn forslaget ditt innan fristen 10. desember.

Industri Energi har sitt Landsmøte 27.-30. april 2017. Landsmøtet er vårt høgaste organ og vel Forbundsstyret, samt bestemmer politikken og kursen vi skal rette oss etter dei neste fire åra.

Studentutvalet representerer studentane på Industri Energis Landsmøte. Vi vil løfte sakene som er viktige for medlemmane våre for å sikre at Industri Energi framleis har den beste studentpolitikken av alle fagforbund.

Sit du med ei sak du brenn for, og vil ha ho oppe på Landsmøtet i april? Du kan sende inn forslag som går på vedtekter, nærings- og klimapolitikk, arbeids- og velferdspolitikk, HMS, utdanningspolitikk, internasjonal politikk, Industri Energis organisasjon – eller heilt andre tema.

Send innspel til studentleiar Michal Jan Warecki på mjw@industrienergi.no, og merk med «Landsmøte 2017» i emnefeltet.

Fristen for å sende innspel er 10. desember 2016. Alle forslag som kjem innan fristen, blir behandla av studentutvalet.

Nyheter