LO-kongressen 2017: Når det gjeld arbeidsplassar, hjelper det ikkje å tru. Me skal veta!

Eirik Birkeland i Ekofiskkomiteen i Industri Energi påpeikte at konsekvensutreiing av Lofoten, Vesterålen og Senja (LoFoVe) er avgjerande for å skape nye arbeidsplassar i framtida.
Eirik Birkeland i Ekofiskkomiteen i Industri Energi påpeikte at konsekvensutreiing av Lofoten, Vesterålen og Senja (LoFoVe) er avgjerande for å skape nye arbeidsplassar i framtida.

tirsdag 9. mai 2017

Industri Energi ber LO kongressen støtte konsekvensutredning av Lofoten, Vesterålen og Senja, og behalde formuleringane som sekretariatet har foreslått i handlingsprogrammet.

Tirsdag formiddag heldt leiar av Ekofiskkomiteen Eirik Birkeland innlegg om kvifor konsekvensutreiinga er så viktig.

– Tusenvis av arbeidsplassar i og rundt oljebransjen har forsvunne. Nye felt trengs for å auke sysselsettinga igjen. Når det gjeld arbeidsplassar, hjelper det ikkje å tru. Då skal me veta!Me meiner at ei fakta- og kunnskapsbasert tilnærming og skal være svaret i desse områda. Ei konsekvensutreiing må avklare moglegheita for sameksistens med andre næringar og kartlegge korleis petroleumsverksemda i dette området kan påverke bu- og sysselsettingsmønsteret. At petroleumsaktivitet finansierer ein betydeleg andel av offentleg velferd, og kjem lokalsamfunn over heile landet til gode gjennom skatt og arbeidsplasser, er udiskutabelt, seier Birkeland.

Det er avgjerande for LO som organisasjon, LO si slagkraft og LO som premissleverandør i det norske samfunnet at me samlar oss bak krav som er viktige for enkeltforbunda.

– Berre saman skapar me ei utvikling av det norske samfunnet til det beste for arbeidsfolk i heile landet. Norsk oljeverksemd er ryggraden i norsk økonomi og arbeidsliv. Fagorganisering, norsk lov og norsk tilsynsmyndigheit sikrar god HMS, og sikrar at me har verdas sikraste og reinaste petroleumsaktivitet, meiner Birkeland og oppsummerer:

  • LO må seie ja til å få fakta på bordet om område som kan skape sysselsetting av arbeidsfolk, industriaktivitet som skaper velferd og ei trygg framtid for alle.
  • LO må vise solidaritet med industriarbeiderar og seie ja til konsekvensutreiing.
  • LO må ta avgjerder som vil tena landet basert på kunnskap.

Sei ja til fakta. Sei ja til kunnskap. Sei ja til konsekvensutreiing!