SeaBird legg seg flate etter seismiske undersøkingar i Vest-Sahara

onsdag 1. april 2015

-Vi legger oss flate og endrer rutinene for at dette ikke skal skje igjen. Det føles veldig ubehagelig å ha vært med på å støtte en okkupasjonsmakt,seier SeaBird til Ny Tid i dag.

I byrjinga av desember 2014 sende Industri Energi brev til det norske selskapet SeaBird og bad om at alle deira seismiske undersøkingar i Vest-Sahara vart avslutta.

Det var Støttekomiteen for Vest-Sahara som oppdaga at selskapet hadde oppdrag for New Age og Glencore, som har lisensar frå marokkanske styresmakter.

– Dette er fullstendig i strid med folkeretten. Her speler SeaBird ei avgjerande rolle i å legge til rette for ulovleg oljeproduksjon i områda som Marokko så brutalt har okkupert, sa dagleg leiar i Støttekomiteen for Vest-Sahara til Dagbladet 8.desember 2014.

I ein artikkel i Ny Tid i dag uttalar SeaBird at dei har trakka feil. Selskapet lover at dei ikkje vil skyte meir seismikk i Vest-Sahara, og seier at dei nå har system på plass for å hindra at slikt skjer. Artikkelen gjer greie for eit selskap i djup økonomisk krise. Selskapet oppdaga først at dei hadde trakka feil etter at engasjementet hadde byrja.

-Vi var havnet i en skvis og følte at vi ikke kunne gå fra kontrakten seier Dan Reynolds, administrerande direktør, til avisa.

Dette er det fjerde norske seismikkselskapet som legg seg langflate etter å gjort seismiske aktivitetar på vegne av marokkanske styresmakter. For kvar gang rykker Marokko nærmare målet, skriv Støttekomiteen for Vest Sahara på heimesidene sine.