Ungdommen avlyser alle samlingar ut året, men jobbar med alternative tilbod

fredag 21. august 2020

I samband med ny oppblomstring av Covid-19 ser ungdommen i Industri Energi seg nøydt til å avlyse kommande samlingar ut 2020.  – Det er utruleg kjipt, men smittevernet må setjast fremst, seier ungdomsleiar Charlotte Sæbjørnsen. Samtidig jobber ungdommane med å utforme alternative former for medlemstilbod.

Charlotte Sæbjørnsen
Ungdomsleiar Charlotte Sæbjørnsen i Industri Energi

2020 har vore usikkert og vanskeleg for mange. Dette har også omfatta forbundets ungdoms- og studentutval. Da Norge stengde ned i mars, vart det plutseleg stilt eit spørsmålsteikn ved mange av aktivitetane våre.

– Da ferien begynte håpte vi at hausten skulle gå som normalt, og at våre medlemar kom til å nyte godt av dei kursa og konferansane vi skulle gjennomføre i haust, seier Mikael Schevik, nestleiar i ungdomsutvalet.

I samband med ny oppblomstring av covid-19 er dei imidlertid nøydt til å avlyse kommande samlingar ut 2020.

– Det synst eg sjølvsagt er utruleg kjipt, men smittevernet må setjast fremst, er kommentaren frå ungdomsleiar Charlotte Sæbjørnsen.

Sjølv om forbundets unge medlemar går glipp av fleire kurs og konferansar, kjem ikkje våre unge tillitsvalte til å liggje på latsida. I staden skal dei tilby alternative former for medlemstilbod. Dette poengterer studentleiaren Michal Jan Warecki:

– Det blir eit annleis 2020, men vi skal no bruke tida framover til å utarbeide ei god erstatning til medlemane våre.

Industri Energi har 13 000 medlemar under 35 år, derav 2 400 studentar.

Nyheter