Studentutvalget i Industri Energi

Industri Energis studentutvalg er valgt av våre studentmedlemmer og jobber for bedre studievilkår.

Industri Energi student
Studentutvalget 2017: Bak fra venstre: Markus Tveit Kvam, Lukas Neuenschwander, Michal Jan Warecki og Torkel Thune Fladstad. Foran fra venstre: Alida Domaas, Silje Westergård og Ekram Ahmed.

 

Leder: Michal Jan Warecki, mjw@industrienergi.no mob: 94 24 70 23

1. nestleder: Lukas Neuenschwander, lukas.neu24@gmail.com mob: 465 35 445

2. nestleder: Silje Westergård, siljewest96@gmail.com mob: 930 89 472

Medlem: Alida Domaas, alida.johanne98@gmail.com mob: 958 16 381

Medlem:Torkel Thune Fladstad, torkelthunefladstad@gmail.com mob: 464 28 662

Medlem: Ekram Ahmed, ekrama.89@gmail.com mob: 957 69 707

Varamedlem: Markus Tveit Kvam, matvkv@hotmail.com mob: 902 13 612

 

Studentutvalgets politikk

UTDANNINGSPOLITIKK:

Gjennom over hundre år med fellesskole, gratis høgare utdanning, samt samspel mellom utdanningssektoren og næringslivet, klarte Noreg å skape arbeidarar i verdstoppen. Desse kvalitetane er ein del av den norske modellen, og alle tre må halde fram for at norsk næring skal bli konkurransedyktig.

Av mediasakene i den siste tida, og den internasjonale utviklinga, veit vi at storstilt privatisering av utdanningssektoren gjer kvaliteten på utdanninga verre, og samfunnets tillit til forskingsinstitusjonane mindre. Det er derfor viktig at fagskulane, høgskulane og universiteta er i størst grad drive av det offentlege, og at profittforbodet i utdanningssektoren framleis blir handheva.

Y-vegen

Erfaring viser at arbeidarar med yrkesfagleg bakgrunn er føretrekt av arbeidsgivaren. Studentar med yrkesfagleg bakgrunn har òg mindre fråfall og er meir motiverte. Samtidig blir y-vegsutdanningar lagt ned.

Industri Energi Student trur at samfunnet vil vera tent med at fleire med yrkeserfaring tar høgare utdanning. For at det skal skje må fleire y-vegslinjer opprettast, og yrkesbrev bør bli anerkjent som eit opptakskriterium på offentlege høgskular og universitet.

Dei som tar studiekompetanse for å studere ved høgare utdanning etter å ha tatt fagbrev, må få status som student og eventuelt få tilbode faget ved eit universitet eller høgskole. Det er fleire som allereie har jobba i nokre år, og nokon har skaffa seg familie før dei vel å gå vidare på høgare utdanning. Då kan det vera økonomisk vanskeleg og lite motiverande å koma til ein vidaregåande skole der elevane er mykje yngre eller på eit heilt anna stadium i livet.

STUDENTVELFERD

Det hjelper ikkje å løyve milliardar til høgskule- og universitetssektoren, dersom studentane ikkje fylgjer med i forelesningssalen når dei er slitne etter å ha jobba nattskift, eller når tankane deira er retta mot kor mange vakter dei må ta i løpet av månaden for å ha god råd.  Bra studentvelferd er viktig for høg kvalitet på undervisninga!

Heiltidsstudenten må lyftas

Heiltidsstudenten må igjen bli realitet. Sia 90-talet har studentar fått dårlegare råd. Studiestøtta har auka saktare enn konsumprisindeksen, og betydeleg saktare enn bustadsprisane. Det fører til at i dag har så mange som 70 000 studentar forbrukslån. Derfor krev Industri Energi at studiestøtta bindast til minst 1,5 gangar grunnbeløp i Folketrygda, utvida til 12 månadar med støtte for studentar med barn.

Gjennom studietida tapar ein òg opptening til pensjon. Dersom ein blir ufør under utdanninga, risikerer ein å bli minstepensjonist. For å bøte på dette bør studentar få pensjonsopptening på lik linje med vernepliktige.

Det å studere er ein fulltidsjobb i utgangspunktet. Studentar bør ikkje i tillegg gå glipp av ferien eller dei fleste helgene i løpet av skuleåret. Når studentar får tid til å engasjere seg utanfor forelesingssalen, hever det kvaliteten på læringa og studiemiljøet, og forebygger einsamheit.

Deltidsstudenten er også viktig. Så lenge studentar må jobbe ved sida av studia for å klare seg, må timeplanene leggje opp til det. Det same gjeld foreldre og dei som omskolerer seg.

Bustadmarknaden

Privatøkonomien blir ikkje berre bestemt av inntektene, men òg av utgiftene. Den største utgiftsposten på studentbudsjettet er veldig ofte bustad. I byar med mange studentar er bustadmarknaden trong, noko som går utover studentar, men òg alle dei andre innbyggarane.

Meir bygging av studentbustader må til, med 20 % nasjonal dekningsgrad som eit minstemål. Det blir bygt fleire studentbustader enn før, men det rekk ikkje – etterslepet auka frå 13200 bustader i 2015 til over 14600 bustader i fjor. Fleire studentbustader vil lette trykket på bustadmarknaden, og både hjelpe studentane og vera med på å bremse veksten i bustadsprisane. Desse studentbustadane må vera tilpassa studentøkonomien, og samtidig halde ein god standard.

Dekningsgraden varierer betydeleg mellom ulike stadar i landet. Tilskot til nye studentbustadar må bli tildelt i proporsjon med studentmassane, slik at det blir nok studentbustadar i alle studiebyane.

LIVET ETTER ENDT UTDANNING

Eit arbeidsliv for alle

Det er vårt ynskje at når vi er ferdige med utdanninga, er det eit trygt og forutsigbart arbeidsliv som ventar oss. Dessverre ser vi meir midlertidigheit, outsourcing og innleige. Desse gjer at mange høgare utdanna kjem eit utrygt arbeidsliv i vente.

Fleire ønsker seg fleksibilitet i arbeidet, men fleksibilitet bør ikkje gå utover eins tryggleik. Alle framtidige pensjons- og velferdsreformer må ta høgde for dette, og velferdsstaten må sidestille frilansarar, innleigde og sjølvstendige næringsdrivande med vanlege arbeidstakarar.

Industri Energi Student er sterkt i mot karakterbasert løn, ubetalt overtid og individuelle avløningar.

Dette er nokre av sakene som LO og Industri Energi har kjempa for i mange år, og som spesielt vil gagne dei som har høgare utdanning. Industri Energi Student vil jobbe for rettferdige vilkår for akademikarar ut ifrå føresetnadar som ligg til grunn, og sørgje for at det er ei fagforeining for akademikarar i like stor grad som andre arbeidarar. Industri Energi, LO og fagrørsla må vera ein stad der prosjekt- og midlertidig tilsette og frilansarar kjenner seg velkomne, og kan vera likeverdige medlemar av sine fagforeiningar.

Ein klode for alle

Oljenæringa vil vera viktig for Noreg i fleire år framover. Samtidig ser vi rask utvikling i ulike bransjar, som solcelleindustrien, offshore havvind, mineralutvinning, batteriteknologi og fiskeri. Fagrørsla må stå i bresjen og støtte opp om denne utviklinga, og sørgje for at den vil koma samfunnet til gode.

Grøn industri og utvikling av berekraftigare produksjon er framtida, og det er viktig at Noreg som et føregangsland banar vegen for denne utviklinga. Statleg eigarskap til naturressursar – inkludert vasskraft – har sørgd for rettferdig fordeling av verdiane, og er eit konkurransefortrinn til den norske industrien, som er viktig å ta vare på. Utbygging av utanlandskablar – både private og offentlege – skal ikkje skje så lenge Noregs kraftbehov er tilfredsstilt.

Godt utbygd infrastruktur er essensiell for at den norske industrien skal bli konkurransedyktig. Dette gjeld utbygging av både vegar, bane og skipstrafikk.

Fagrørsla sitter på mye kompetanse, og det er viktig å informere samfunnet om vekta av industrien i Norge og kor han er på veg. Fagrørsla må også leggje til rette for utveksling av denne kompetansen på tvers av bransjane.

Fagrørsla har vore ei skapande kraft i det norske samfunnet dei siste 150 åra. Det har vi oppnådd, fordi vi ser større linjer enn berre vårt eige yrke eller fag. Vi har skapt eit samfunn med små forskjellar, stor samarbeidsvilje og bra omstillingsevne, noko vi må ivareta.

Les også: